Faktaboks

Tormod Skagestad
Fødd
9. august 1920, Krødsherad, Buskerud
Død
4. januar 1997, Alfaz del Pi, Spania, gravlagd i Oslo
Verke
Teatersjef, forfattar og instruktør
Familie
Foreldre: Lærar og klokkar Bjørn Skagestad (1894–1989) og organist Julie Glesne (1890–1974). Gift 1949 med Karin Anna Jalm (16.7.1922–), dotter til avdelingssjef Trygve Jalm (oppr. Johannesen) (1886–1969) og sjukegymnast Anna Stigen (1887–1922). Far til Bjørn Skagestad (1950–).
Tormod Skagestad
Tormod Skagestad
Av /NTB Scanpix ※.

Tormod Skagestad var ein manggreint og ruvande kulturpersonlegdom; ein suveren teatersjef som førte norsk teater ut av ei nære på konstant økonomisk krise i 1950-åra. Han var kunstnaren i sjefsstolen, med instinkt for å satse på det rette kortet i den rette augneblinken. Og han skapte sjølv framifrå kunst som lyrikar, dramatikar, romanforfattar og sceneinstruktør.

Skagestad voks opp i eit frodig kulturmiljø i Krødsherad. Faren var lærar og klokkar – ein åndshovding i bygda; mora var organist. Saman med dei fire brørne sine reiste Tormod i ung alder rundt i bygdehusa med dikt- og songprogram. Han byrja tidleg å skrive lyrikk og debuterte 1946 med samlinga Om fjellprofilan låg ei gullrand spent. Seinare kom tre samlingar til. 1950 debuterte han som høyrespelforfattar med Brør, og han skreiv ei rad høyrespel, m.a. I gryet blir månen grå, som vart sendt i radiostasjonar over heile verda og vist som fjernsynsteater i Tyskland, Austerrike og Sveits. Seinare dramatiserte han Njåls saga (1974) og Raskolnikov (1979) for Radioteatret. Han arbeidde òg ein periode som bokmeldar i Dagbladet.

1953 vart Skagestad tilsett som kunstnarleg rådgjevar og instruktør på Det Norske Teatret, etter å ha hatt den same funksjonen i Radioteatret frå 1949. Norsk teater stod i stampe i 1950-åra. Det var økonomiske kriser, dårleg publikumsoppslutning og stort sett kunstnarleg stillstand. Skagestad innleidde ein ny giv. Han starta stillfarande: 1954 debuterte han som scenedramatikar og -instruktør med det poetiske bygdedramaet Den kvite folen. Men alt året etter slo han sterkt til: Han vann den norske førsteprisen i ei nordisk dramatikartevling med Under treet ligg øksa. Stykket er skrive i ein bunden prosa som gir dialogen suggestiv rytme. Skagestad flytta konfliktane i Orestes-trilogien over til austnorsk storgardsmiljø. Som instruktør reindyrka han dei ulike stilelementa i stykket: realismen i attgjevinga av miljøet, det psykologiske livet i personane, den klassiske oppbygginga av konflikten. Ein slik poetisk-psykologisk realisme vart eit særkjenne for han som instruktør i arbeidet med skodespel av Tsjekhov, Ibsen, Racine og O'Neill.

På dette grunnlaget voks det fram markante kunstnarlege sigrar, t.d. Fedra (1960), Lang dags ferd mot natt (1961), Peer Gynt (1962), Et dukkehjem (1966). Dei to siste oppsetjingane hausta også fagnad på turné i Europa. Skagestad hadde fleire regioppgåver i utlandet, bl.a. Et dukkehjem med Liv Ullmann i New York (1975). 1958 løyste han ut ein av dei største suksessane i Det Norske Teatrets historie: si eiga dramatisering av Kransen, første del av Kristin Lavransdatter-trilogien. Husfrue og Korset følgde 1960 og 1963.

Skagestad hadde solid utdanning som dramaturg frå University of Wisconsin 1946–48. Dramatiseringane hans sameinar litterær teft, teaterkunnskap og stor respekt for originalverka, t.d. Duuns Ettermæle, som han fekk Kritikarprisen for 1977, Garborgs Den bortkomne faderen (1989) og Brødrene Karamasov av Dostojevskij (1993), som han fekk Norsk Teaterlederforenings ærespris for.

Skagestad tok over som teatersjef 1960 og vart sitjande heilt fram til 1979 (bortsett frå sabbatsåret 1975–76), den lengste perioden nokon har site i sjefsstolen på nynorskscenen. I desse åra styrkte Det Norske Teatret sin posisjon økonomisk, publikumsmessig og kunstnarleg. Brecht, Shakespeare og Ibsens samtidsdramatikk fekk fast plass på repertoaret. Det vart satsa friskt på unge skodespelarkrefter, som fekk inspirasjon og opplæring gjennom samarbeid med nyskapande utanlandske instruktørar. Den kjende Brecht-eksperten Peter Palitzsch gjesta teateret to gonger og gav ensemblet verdfull trening i Brecht-teknikk. Den polske pantomimekunstnaren Henryk Tomaszewski instruerte og heldt kurs. Det same gjorde musikalartisten Rikki Septimus.

Skagestad satsa også på eit utradisjonelt repertoar gjennom bisceneverksemd. Scene 2, intimteatret i Rosenkrantz' gate, vart eit begrep. Repertoaret hadde breidde: både ny norsk og utanlandsk dramatikk, ukjende klassikarar, reine litterære program, barneteater. Scene 2 vart òg Becketts teater gjennom Bjørn Endresons særmerkte tolkingar. Med Egil Monn-Iversen som kapellmeister og musikalsk rådgjevar utvikla Skagestad musikkteateret. Resultatet vart ei rad vidgjetne musikkteaterframsyningar på høgt nivå. I 1960-åra fekk han – saman med styreformann Bjarne Robberstad – ny fart i byggjesaka. Gjennom sitt energiske arbeid i byggjekomitéen stod Skagestad også sentralt i avslutningsfasen. Og etter at han takka av som teatersjef, ytte han verdfulle tenester som kunstnarleg rådgjevar og instruktør.

Heile denne tida var han òg verksam som dramatikar. 1962 kom Byen ved havet, som i poetisk-allegorisk form er ein manande appell mot atomkreftene. I 1970-åra gjekk han bakover i historia og litteraturen for å finne bilete på samtida. Til 1000-årsjubileet for rikssamlinga 1972 skreiv han Ragnhildtreet, vesentleg bygd på tekster frå Edda og Snorre, med konflikten mellom norrøn og kristen tru som grunntema. Same året kasta han seg inn i EF-striden med det satirisk-poetiske dramaet Det stig av hav. Stykket byggjer på Peer Gynt, men står likevel fram som eit sjølvstendig verk, med mykje sprelsk humor i tumlinga med Dovregubben og Peer. I Nora Helmer la han fram sin versjon av korleis det gjekk Nora i Et dukkehjem etter at ho forlet heimen. Nokre fann det reint blasfemisk å føre det klassiske verket vidare i det heile, andre meinte Skagestad kom med spennande nye synspunkt både på Nora og kvinnefrigjering generelt. I Skipper nest Gud, som var opningsstykket på Scene 2 i nybygget, sette han søkjelyset på ein skipsreiar-gigant av den gamle gründertypen og gav eit fascinerande innsyn i dette maktmennesket. Han avslutta forfattarkarrieren med den frodig fabulerande trilogien om Hild Rogne, som gir ei innsiktsfull skildring av norsk bygdeliv på 1900-talet.

Skagestad-epoken er den rikaste voksterperioden i historia til Det Norske Teatret. Skagestad markerte seg òg som ein teaterpolitisk strateg til beste for norsk teater i det heile. Han sat som formann i Norsk Teaterlederforening i tre viktige periodar (1960–62, 1967–69, 1976–79), og han var i fleire år ordførar i De norske teatres forening. Han vart æresmedlem i begge desse foreiningane. Han sat òg i styret for Den Norske Forfatterforening og Statens Teaterskole.

Skagestad vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1975.

Verker

  • Om fjellprofilan låg ei gullrand spent, dikt, 1946
  • I natt skal mange våke, dikt, 1947
  • Mørkt vatn glir mot havet, dikt, 1950
  • Havdøgn, dikt, 1950
  • Under treet ligg øksa, skodespel, 1955
  • Byen ved havet, skodespel, 1962
  • I gryet blir månen grå, 5 høyrespel, 1966
  • Det stig av hav, skodespel, 1972
  • Nora Helmer, skodespel, 1982
  • Hild Rogne, roman, 1982
  • På Rogne, roman, 1983
  • Farvel til Rogne, roman, 1987

Kilder og litteratur

  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • Stud. 1942, 1967
  • HEH 1979
  • L. Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988, 1988
  • TFL, 1991
  • SNL, bd. 13, 1998
  • arkivet på Det Norske Teatret

Portretter m.m.

  • Måleri av Karin Skagestad, 1979; Det Norske Teatret, Oslo