Faktaboks

Thomas Luraas
Thomas Øysteinson Luraas
Død
6. juni 1886, Tinn
Levetidskommentar
Fødd 1799 (nøyaktig dato er ikkje kjend) i Tinn, Telemark
Verke
Rosemålar
Familie
Foreldre: Bonde Øystein Gunnulfson Ingulvsland (1757–1804) og Birgit Knutsdotter Mellomgarden Luraas (1761–1833). Gift 31.10.1827 med jordmor Anna Olavsdotter Maarheim (f. 1803), dotter til bonde Olav Maarheim. Bror til Knut Luraas (1782–1843).

Thomas Luraas var rosemålar frå Tinn i Telemark og måla både heile interiør og mindre arbeid som kister og skåp; han er rekna som ein av dei fremste rosemålarane i si tid.

Luraas voks opp på Mellomgarden Luraas i Tinn i eit miljø der det var mange rosemålarar. To eldre brør, Knut og Øystein, vart også kjende rosemålarar; alle tre gjekk i lære hos ein granne og slektning, Knut Skorberg. Thomas og broren Knut var dessutan svært dyktige musikarar – Thomas på klarinett og Knut på hardingfele; når dei spela saman, let det som eitt instrument, er det fortalt. Men Thomas kom tidleg ut på vandring, m.a. til Bergen. Her kom han på kant med lova, både på grunn av tjuveri og for å ha gjort falske pengesetlar. Han vart arrestert, men kom seg unna. Seinare vart han tatt på Sørvestlandet, men greidde på ny å rømme. Nå tok han vegen nordover kysten til Sogn og seinare Romsdalen, der han levde som fredlaus under falskt namn. Til slutt kom han til Trøndelag og Røros. Her må han ha blitt påverka av bytradisjonen i dekorasjonsmålinga, med sterke figurative innslag. I Trøndelag var han fleire år for å sleppe unna straffa som venta han. Men ved hjelp av mora fekk han lovnad om å sleppe straff mot at han melde seg til militærteneste.

Luraas kom heim att til Tinn 1825 og gifta seg 1827. Han kjøpte så bruket Haugen under garden Apalen. Men han greidde ikkje halde på dette bruket og budde seinare på plassen Moen under garden Maurud i små kår.

I åra som fylgde, reiste Luraas rundt i bygdene på måling. Frå slutten av 1820-åra var han på årvisse målarferder til Hardanger og Midhordland, og elles var han rundt i dei fleste bygdene i Telemark. Han måla også i Hallingdal og truleg i Numedal.

Med den sikre forma si, prega av sentrale C-ornament omkransa av ein rikt detaljert flora, og sansen for sterke, men vel avstemde fargar, nådde Luraas svært høgt når det gjeld rosemåling. Han utmerka seg i dei større arbeida sine med eit spontant og fint utført figurmåleri, ofte med motiv frå ei aristokratisk verd. Interiørkunsten hans fekk på denne måten ein fin variasjon mellom den abstrakte framstillinga i rosa og den konkrete framstillinga i biletfeltet.

Luraas måla mykje i Rauland og Vinje i åra 1837–43. Det største arbeidet han gjorde i Vinje desse åra, var på Gunvaldjord i Haukeli 1840. Eit anna stort interiørarbeid gjorde han på Lønnedalen i Tuddal 1849. Same året måla han også ei innreiing på Einung i Vestfjorddalen.

Luraas gjekk for å vere ein humorist. Ein gong han var på ein gard og måla, tykte han det var så lortete i huset og skreiv dette verset på eit skåp: “Du Ola var ein Gap, som lod male dit Skap. Saa Mari din Taske skuld sleppe at vaske.”

I eldre år da han for rundt på målararbeid i bygdene, hadde han med seg eldste sonen sin, Øystein, som også etter kvart fekk eit namn som rosemålar. Også dei to yngre sønene, Ola og Johannes, var rosemålarar.

Utanom dei større innreiingsarbeida gjorde Thomas Luraas også mindre ting, som kister, kubbestolar og skåp, som han både snikra og skar ut. Han måla kister og skåp fram til rundt 1880. På sine eldre dagar skalv han mykje på handa og hadde vanskelegare for å måle. Men han dreiv på mest til han døydde 1886.

Verker

    Eit utval

  • Svalastog, Tinn (interiør), 1825
  • Suigard Juvland, Rauland i Vinje (interiør), 1832
  • Gunvaldjord, Haukeli i Vinje (interiør), 1840
  • Lønndalen, Tuddal i Hjartdal (interiør), 1849
  • Einung, Vestfjorddalen i Tinn (innreiing), 1849

Kilder og litteratur

  • Ø. Vesaas: Rosemaaling i Telemark, bd. 3, 1957, s. 101–132
  • H. O. Waaraas: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • N. Ellingsgard: Norsk rosemåling, 1999