Faktaboks

Ole Tobias Olsen
Fødd
18. august 1830, Dunderlandsdalen i Rana, Nordland
Død
6. juli 1924, Kristiania
Verke
Prest
Familie
Foreldre: Bonde Ole Pedersen Bjellånes (1774–1849) og Milda Nilsdotter (1800–78). Gift 21.11.1877 med Christine Bernhardine Dahl (6.10.1855–30.7.1910), dotter til tollrorskar Johan Eilert Dahl (f. 1822) og Helene Christine Olsen (f. 1830). Far til Ørjan Olsen (1885–1972).
Ole Tobias Olsen
Ole Tobias Olsen
Av /NTB Scanpix ※.

Ole Tobias Olsen var ein særeigen personlegdom med allsidige interesser. Han var utdanna lærar og prest, men i ettertida er han først og fremst kjend som “Nordlandsbanens far”.

Olsen vart fødd på garden Bjellånes i Dunderlandsdalen. Her voks han opp i ein stor søskenflokk. “Som den bedste Arv fra Fædrenehuset bevarer han Mindet om sine Forældres uskrømtede Gudsfrygt i Sind og Vandel,” skriv han i ei sjølvbiografisk skisse frå 1883. Han lærte tidleg å lese og las Bibelen frå perm til perm før han byrja på skulen. Men det var ikkje rare skulegangen han fekk. Omgangskulen kunne ikkje tilby meir enn tre veker undervisning i året.

Då soknepresten fekk Ole Tobias til konfirmasjonsførebuing, skjøna han at dette var ein gut med gode evner. Han fekk opplæring hjå soknepresten, noko som den gong var vanleg for mange lærarar, og 17 år gammal vart han omgangsskulelærar i heimbygda. Etter fire år søkte han seg til Tromsø seminar. Eit år seinare tok han lærarprøva med beste resultat. Frå sommaren 1852 var han lærar og organist i Hadsel i Vesterålen. Her var han i fire år, før han vart tilsett som lærar i allmugeskulen i Christiania. Som 30-åring tok han examen artium 1860 og vart teologisk student ved universitetet. 1865 tok han teologisk embetseksamen og praktisk-teologisk eksamen året etter.

Etter teologisk embetseksamen søkte Ole Tobias Olsen fleire prestestillingar, men utan hell. I hovudsak måtte han livnære seg gjennom å gje privatundervisning. Dessutan var han i desse åra ein flittig fotograf i Christiania og omegn. Han eigde eit av dei første fotografiapparata i landet og var dermed ein av dei første kjende hovudstadsfotografane. I Oslo Bymuseum finst mange av bileta hans frå hovudstaden bevart, medan Nasjonalbiblioteket har om lag 700 fotografi frå landet elles. Saman med Elias Blix skipa han Nordlændingernes Forening 1862. Foreininga er framleis aktiv og er i dag den eldste innflyttarforeininga i Oslo. Olsen hadde tidleg interessert seg for folkedikting og folketonar. Etter oppmoding frå P. Chr. Asbjørnsen og L. M. Lindeman gjorde han 1870 ei stipendreise til Nordland for å samle folketonar, eventyr og segn.

På ein ferietur til Storbritannia 1862 fekk Olsen ideen om ein jernbane gjennom Nordland. Sjølv skildrar han det slik: “Under et Ophold i England i 1862 fik han Oplysning om i hvilken overordentlig Grad Landets Jernbaner siden 1825 havde forøget Betydningen af de engelske Fiskerier og lededes herved på Tanken om Muligheden af ved Anvendelse af et saadant Transportmiddel at hæve Betydningen af de nordlandske Fiskerier.”

I ein avisartikkel 1872 la Olsen fram tankar om at ein jernbane frå Nordland til St. Petersburg ville få nordlandsfisken ut på verdsmarknaden. Artikkelen vekte stor merksemd, og kort etter vart han tilsett ved jernbanedirektørens kontor, der han først arbeidde som “kartograf” eller teknisk fotograf, seinare som assistent ved konstruksjonskontoret. I desse åra arbeidde han med eit prosjekt som skulle vise seg å ha framtida for seg, sjølv om det tok tid. 1874 tok han offentleg til orde for å byggje Nordlandsbanen frå Meråkerbanen og vidare nordover.

Etter mange år som tilsett hjå jernbanedirektøren var tida inne for å gjere det han var utdanna for. Etter oppmoding frå kyrkjeministeren søkte Olsen det ledige sokneprestembetet i Hattfjelldal, og han vart utnemnd 1883. I denne nordlandske fjellbygda verka han som prest i 21 år. Snart vart han ordførar i bygda og medlem av amtsformannskapet, der han òg var ordførar. Som medlem av Nordland fylkes jernbanekommisjon frå 1885 gjorde han ein pionérinnsats for Nordlandsbanen. Han stakk ut banelinja og kom med kostnadsoverslag for banen frå fylkesgrensa i sør og til Salten i nord.

1904 tok Olsen avskil som sokneprest. Dei siste 19 åra av livet sitt levde han i hovudstaden. Noko av det første han gjorde som pensjonist, var å ordne dei samlingane han hadde gjort av folkedikting og folketonar i Nordland. Som eit resultat av dette gav han ut Norske folkeeventyr og sagn, samlet i Nordland 1912, ei samling av stor kulturhistorisk verdi. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1919 "for allmennyttig virksomhet". November 1923 opplevde han at Stortinget vedtok Nordlandsbanen til Bodø, i hovudsak etter den linja som han sjølv hadde stukke ut. Arbeidet med jernbanesaka gjennom mange år hadde ikkje vore forgjeves. Året etter døydde han, 94 år gammal.

Ole Tobias Olsen var ein fargerik person, med kraftfull røyst og ramsalte replikkar. Han var ein meister til å fortelle skrøner, oftast med lokalpatriotisk poeng og ein ikkje alltid løynd brodd mot “søringane”. Det vert framleis fortalt anekdoter om han, som til dømes om da han slutta ei preike over temaet “Jesus stiller stormen” med å argumentere for at dette mirakelet ikkje hadde vore naudsynt dersom disiplane hadde nytta ein skikkelig ranværingsbåt!

Ved fødestaden hans i Dunderlandsdalen, kyrkja i Hattfjelldal og jernbanestasjonen i Mo i Rana er det reist minnesmerke over han. I Mo har òg ei gate og eit hotell fått namn etter Ole Tobias Olsen.

Verker

  • Norske folkeeventyr og sagn, samlet i Nordland, 1912 (faksimileutg. Mo i Rana 1987)
  • Christiania og omegn. Otteogtyve bilder fotografert av Ole Tobias Olsen, red. av E. Boye og H. Hals, 1963
  • Folketonar frå Nordland, utgjeve av Ø. Gaukstad, 1982
  • Fotografisamling frå Christiania og omegn i Oslo Bymuseum
  • om lag 700 fotografi frå ulike delar av landet i Bildesamlinga, NBO

Kilder og litteratur

  • Ole Tobias Olsens prestevita, framført ved ordinasjonen 1883, i SA Oslo (Christiania Bispearkiv, Ordinanders vita, bilag nr. 99)
  • Stud. 1860, 1910
  • A. F. W. J. Prytz: “Sogneprest Ole Tobias Olsen 1830–1924”, i Norvegia Sacra 1924, s. 165–174
  • J. Broch: Ole Tobias Olsen og Nordlandsbanen, 1945
  • O. Delphin Amundsen: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, 1947
  • J. Broch: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • R. Rein og K. Djupdal (red.): Hattfjelldal prestegjeld 100 år, Hattfjelldal 1960
  • I. R. Hansen: “Ole Tobias Olsen – med folketradisjonen inn i det moderne Nord-Norge”, i Ottar 214, Tromsø 1997
  • S. Nielsen: "Ole Tobias Olsen", Den norske turistforenings årbok, 1935, s. 101-106
  • T. Finnbakk: “Altmuligprest og kanonfotograf”, på Internett (www.geocities.com/SoHo/Cafe/8238/oto.htm), 2003

Portretter m.m.

Kunstnarlege portrett

  • Byste av Trygve Thorsen, 1960; Mo i Rana

Fotografiske portrett

  • Fotografi på forsida til Norske folkeeventyr og sagn, samlet i Nordland (opptrykk 1987)
  • Fotografi i Norvegia Sacra 1924, s. 168
  • Fotografi på forsida til J. Broch: Ole Tobias Olsen og Nordlandsbanen, Oslo 1945