Faktaboks

Ole Christian Olsen
Fødd
12. desember 1845, Christiania
Død
5. januar 1921, Bestum i Aker (no Oslo)
Verke
Handelsgartnar
Familie
Foreldre: Handelsgartnar Johan Olsen (1799–1859) og Anna Helene Hansdatter (1807–82). Gift med Emma Amalie Clausen (12.9.1851–7.5.1905), dotter til slottsgartnar Heinrich Wilhelm Clausen (1817–1902) og Marie Elisabeth Schultz (1825–1907).

Ole Christian Olsen var ein dugande leiar og gartnar i det kjende firmaet J. Olsens Enke.

Faren Johan Olsen fekk borgarskap som handelsgartnar og frøhandlar i Christiania 1833. Han gav ut den først kjende frøkatalogen i Noreg 1834, og firmaet gav seinare ut frøkatalog årleg fram til 1980. 1834 var gartneriet i “Claus Winthers forrige Hauge ved Torvet”. Det skal vera der Torggata no er. Etter at Johan døydde, overtok enkja Helene. Firmaet fekk då namnet J. Olsens Enke, og det namnet vart brukt også etter at sonen Ole Christian overtok 1867. Kontoradressa var Storgata 37. Framleis finn vi namnet J. Olsens Enke innan hagebruket, men no berre som hagesenter.

Ole Christian Olsen var i lære i gartneriet fram til han var 18 år. Deretter fekk han vidare utdanning ved å arbeida i fire år i velkjende gartneri i Tyskland og Danmark. Straks han kom tilbake, overtok han leiinga og stod som leiar av det velkjende firmaet i 54 år. Han bygde ut og moderniserte gartneriet og frøhandelen. Då det var trongt om plass, kjøpte han 1878 eigedomen Elmholt ved Bestum i Aker. Der bygde han opp ein stor planteskule, og 1896 byrja han også å flytta veksthus og vekstbenker dit ut. Truleg var firmaet det største i landet innan frøsal og planteskuledrift i hans styringstid. Frøhandelen vart tilbake i bykjernen då planteskole og gartneri vart flytta til Elmholt. Firmaet hadde frøutsal også i Sarpsborg og Drammen. Frøsal under eige firmanamn vart avslutta 1989.

Handelsgartnarane var høgst respekterte borgarar i byen. Dei var organiserte i Christiania Gartnerforening, og her var Ole Christian Olsen aktivt med, var formann 1898–1900 og æresmedlem frå 1914. Her stod han for oppbygging av eit stort fagbibliotek. Handelsgartnarane i byen samarbeidde med professor Schübeler ved universitetet om prøving av mange ulike artar og kultivarar. Den unge gartnaren og aldrande professoren hadde sikkert eit godt samarbeid, for i Olsens gartneri vart det avla frø, og Olsen var kjend for å leggje stor vekt på seleksjon i frøavlen. Dei to var også med i leiinga av Christiania Haveforening og mellom stiftarane av Selskapet Havedyrkningens Venner (seinare Det norske hageselskap). Olsen var med i det første styret i det siste selskapet, var formann 1905, og 1909 vart han æresmedlem. Han fekk Kongens fortenestmedalje i sølv 1890.

Etter at Ole Christian Olsen gjekk bort, vart J. Olsens Enke familieaksjeselskap med mannen til dottera Margit, Sigurd Iversen (1871–1943), som disponent. For å ta seg av det faglege vart Eyvind Sjetne tilsett. I åra 1927–53 hadde firmaet ein stor planteskoleavdeling på Dilling i Østfold. J. Olsens Enke var på nokre felt innan hagebruket leiande i landet heilt fram til omkring 1960. Difor har også svært mange kjende hagebrukarar vore lærlingar eller gartnarar i firmaet. 1962 oppretta J. Olsens Enke A/S det første hagesenteret i landet. Det held framleis til på Elmholt.

Kilder og litteratur

  • T. Skard: Hagebruk og gartneri i Norge, 1963
  • J. Olsens Enke A/S (utg.): 150 år i vekst, jubileumskatalog, 1983
  • E. G. Forfang: Gartneri og planteskole i 150 år, utrykt manuskript, 1982
  • Skards samling, Spesialsamlingene ved NLHs bibliotek, Ås
  • opplysningar frå Olsens etterkommar John Egenes, 2002