Faktaboks

Lise Lindbæk
Lise eig. Elise Lindbæk
Fødd
1. januar 1905, København
Død
13. mars 1961, Kiel, Vest-Tyskland, gravlagt i Roskilde
Verke
Journalist og forfattar
Familie
Foreldre: Historikar, prest og journalist Johannes Peder Lindbæk (1872–1919) og lærar, forfattar og filmsensor Sofie (“Sossen”) Aubert (1875–1953). Gift 1927 med sjefredaktør og forfattar Sanfrid (“Sascha”) Neander-Nilsson (19.1.1898–16.5.1950), son til sjømann Nils Daniel Jonsson Neander og Sissa Olsdotter Böös, ekteskapet oppløyst 1933; sambuar 1934–39 med tidlegare stadsfysikus i Berlin, dr. Max Julius Carl Alexander Hodann (1.9.1894–17.12.1946), son til bataljonslege Carl Hodann og Margarethe Skutsch. Dotterdotter til Elise Sofie Aubert (1837–1909); tante (fars syster) til Jannik Lindbæk (1939–).

Lise Lindbæk var Noregs første kvinnelege krigskorrespondent. Ho var ein pioner i journalistikken og særleg kjent for sine Dagblad-reportasjer frå den spanske borgarkrigen. Ho vart tidleg ein markant antifascist og var blant dei første til å åtvare mot nazismen i 1930-åra. Ho var også den første til å ta opp krigsseglarane si sak med boka Tusen norske skip 1943. Men både ho og dei nærmaste betalte ein høg pris for hennar brennande engasjement.

Lise Lindbæk voks opp i København og flytta til Roskilde da faren vart stiftsskrivar ved Roskilde domkyrkje. Men farens helse var sviktande etter at han hadde dekka Vestfronten under den første verdskrigen. Lise var 14 år da faren, som ho var sterkt knytta til, døydde og familien måtte bryte opp.

1920 kom Lise Lindbæk til Kristiania, der ho tok examen artium på Frogner gymnas 1922. Ho gjekk i gang med klassiske studia og arkeologi. Inspirert av sine skrivande foreldre, som begge hadde studert i Italia, reiste ho 1924 til Napoli som guvernante. Derifrå leverte ho sine første artiklar til hovudstadspressa. 1926 assisterte ho Umberto Nobile i samarbeidet med Roald Amundsen om luftskipet Norge, ei verdshending som skaffa henne det journalistiske gjennombrotet. Men ho heldt også fram med studia.

På utgraving i Hellas møtte Lise Lindbæk den svenske arkeologen og skribenten Sanfrid Neander-Nilsson. Dei gifta seg 1927, og for ei stund tok ho namnet Neander-Nilsson. Same året tok ho magistergraden i arkeologi. Paret slo seg ned i Italia og levde av å skrive artiklar for skandinavisk presse. 1929 vart dottera Janka fødd. Norske dameblad skreiv om aviskorrespondenten som reiste Europa rundt med skrivemaskin og eit barn i ei samekomse.

For Lindbæk vart det etter kvart uråd å leve med Neander-Nilssons nazisympati. Det endte med brot, og ho etablerte seg som korrespondent og åleinemor i Genève. Ho tok også på seg eit oppdrag for Nansen-arkivet. 1933 møtte ho den tyske flyktningen Max Hodann, tidlegare stadsfysikus i Berlin og sexolog. I felles engasjement for jødesaka drog dei til Palestina og skreiv boka Jødene vender hjem. I Oslo etablerte dei seg i eit kontroversielt sambuarskap og vart stadig utsette for bakvasking og kampanjar i regi av Nasjonal Samling, m.a. på grunn av Hodanns verksemd som seksualopplysar.

Etter general Francos angrep på den folkevalde regjeringa i Spania 1936 drog Lindbæk til fronten. Ho leverte artiklar til Dagbladet og Arbeiderbladet og tok på seg å skrive historia til ein internasjonal brigade. Bataljon Thälmann er ein klassikar i dokumentarisk krigsreportasje. Lindbæk vart kjend i heile Skandinavia for sine frontskildringar og flammande talar for Spania-saka. Ved fronten samarbeidde ho med både Ernest Hemingway og Nordahl Grieg. Men Spania-krigen vart ei nerveslitande påkjennning, som også kosta henne kjærleiksforholdet til Max Hodann.

Etter at Franco overtok i Spania 1939, engasjerte Lindbæk seg for dei spanske flyktningebarna i Frankrike. Da tyskarane marsjerte inn i Paris sommaren 1940, var det uråd å dra heim til det okkuperte Noreg, der dottera budde saman med mora. Lindbæk hamna på desperat flukt som enda i Casablanca, der ho vart nesten eitt år før ho kom seg over til USA. I krigsåra jobba ho for Nordisk Tidende og underviste på to universitet på vestkysten. Mest av alt engasjerte ho seg for krigsseglarane og deira ukjende innsats til sjøs. Da Lise Lindbæk kom heim 1945, hadde det gått seks og eit halvt år sidan sist ho såg dottera Janka – og ho sleit med eit alvorleg alkoholproblem.

I etterkrigstida engasjerte Lise Lindbæk seg for gjenoppbygginga av Nord-Noreg, FN-saka og avspenning. Som journalist var ho stadig vekk frilansar. Men etter ei kulturreise til Sovjetunionen vart det vanskeleg å få artiklar på trykk. Personleg sleit ho med einsemd og periodevis drikking.

Lindbæk tilbrakte ein stor del av sine siste år i Tyskland og tok for seg forholda på begge sider av jernteppet. Hennar siste store engasjement var å skaffe norske heimar til etterlatne og mishandla mulattbarn frå Vest-Tyskland. Ho stod midt oppe i eit vitskapleg arbeid om sin fars heimetrakter ved tyskegrensa da ho i mars 1961 vart funnen drukna like ved hamna i Kiel. Lise Lindbæk hadde, som vennen Fritz Baade uttrykte det, frivillig teke farvel med livet.

Verker

  • Jødene vender hjem (sm.m. Max Hodann), 1935
  • En sesjon i Genève, 1936
  • Bataljon Thälmann, 1938
  • Tusen norske skip, 1943
  • Spania og vi, 1946
  • FN. Inntrykk og opplevelser fra Lake Success, 1949
  • Vi var i Sovjet, 1951
  • Alkoholisme kan helbredes, 1951
  • Ungarsk vår, 1954
  • Brennende jord, 1958

    Etterlatne papir

  • Lise Lindbæks etterlatne papir, Handskriftsamlinga, NBO
  • Max Hodanns etterlatne papir, Arbetarrörelsens Arkiv, Stockholm

Kilder og litteratur

  • R. Kvaale: Kvinner i norsk presse gjennom 150 år,1986
  • G. Hjeltnes: Handelsflåten i krig,1995
  • R. Ottosen: Fra fjærpenn til internett,1995
  • S. Slapgard: Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk,2002

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Fotografi, 1936; AAB, Oslo