Faktaboks

Jon Flatabø
Jon Olsen Flatabø
Fødd
7. april 1846, Vikør (no Kvam), Hordaland
Død
10. februar 1930, Oslo
Verke
Journalist og forfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Ola Flatabø (f. ca. 1830) og hustru Brita (f. ca. 1828). Gift med Oline (f. 1863).

Jon Flatabø var ein av dei mest produktive folkeskribentane i tiåra rundt 1900. Han spela ei viktig skriftkulturell rolle ved å skriva populær fiksjonslitteratur for sosiale grupper som tidlegare hadde eit marginalt forhold til den sekulære skriftkulturen.

Flatabø voks opp på garden Flatabø i Fyksesund på nordsida av Hardangerfjorden. Som gut følgde han omgangskulelæraren til nabobygda for å få læra meir av det som stod i bøkene. Seinare utdanna han seg til lærar ved Stord seminarium (1867), og i åra fram til 1884 arbeidde han som lærar på Stord, i Nord-Odal, Elverum og Ramnes i Vestfold.

I Ramnes-bygda Fon, der Flatabø var lærar, klokkar og kyrkjesongar frå 1878, kjøpte han seg ein gard, som han dreiv fram til 1885. I desse åra blei han også politisk aktiv. Han skipa og var formann i ei samtaleforeining som i røynda var eit partipolitisk Venstre-lag, og han blei medlem av kommunestyret og kommunerevisor. Truleg hadde han rikspolitiske ambisjonar, og då han 1886 tok stillinga som redaktør av avisa Tunsbergeren, Venstres hovudorgan i Vestfold, var det nok ein freistnad på å bli nominert til Stortinget. Men han vart kasta som redaktør etter berre 8 månader, som følgje av striden mellom Reine og Moderate Venstre. Som redaktør gav han uttrykk for sosialistisk orienterte tankar.

1886 flytta Flatabø til Kristiania, der han blei buande resten av livet. Dei fyrste åra arbeidde han som journalist i avisene Arbeideren og Morgengryet, men frå 1895 var han forfattar på full tid.

Jon Flatabø debuterte som forfattar i 1880-åra og blei ein av våre mest produktive og populære folkeskribentar eller folkelitteratar. Til saman gav han ut om lag 150 bøker og stuttare forteljingar, mange av dei under eige namn, men han nytta også pseudonym, m.a. namna “Bjørn Bu” og “Olav (el. Olaf) Isjøkul”. Den mest kjende av bøkene hans, Husmannsdatteren fra Odalen, kom 1891; andre kjende titlar er Aagot. En djærv Kvinde (1894) og Petra. Perlen fra Smaalenene (1895).

Flatabøs “fortællinger” er ofte lokalt forankra, noko som kjem til uttrykk i eit lokalisert handlingsstoff, i undertitlar som “Fortælling fra Jarlsberg” eller i titlar som Solungsjenten. Gjennom slike grep gjer han ei slags “kartlegging” av landet og skriv seg inn i eit forhold til heimstaddiktinga og den seinare nyrealistiske diktinga. Forteljingane blir ofte lanserte som historiske, realistiske, dokumentariske eller avslørande gjennom tabloide undertitlar (“Sensationel Fortælling fra det mørke Kristiania”) og i fotnotar (“Navnene er forandrede for at ikke nogen av de heromhandlende Personer skal finde Andledning til Anke”).

Den store, romantiske kjærleiken på tvers av klassegrenser er eit gjennomgåande tema, og kjærleiken sigrar alltid. Hos Flatabø er det ofte representantar frå overklassen, særleg kvinner, som vil bryta ut og gifta seg nedover i hierarkiet. Dei mange kvinnelege hovudpersonane hans er skildra som sterke, handlekraftige, fordomsfrie og demokratiske, ofte med stor innsikt i samfunnsforhold.

Personane er framstilte polarisert og eindimensjonalt; overklasse står mot underklasse, gamle mot unge, foreldre mot kjærastepar. Dei rike, gamle og konvensjonelle er “skurkar”, dei fattige, unge og ukonvensjonelle er “englar” og sigerherrar. Det same narrative grunnmønsteret går igjen i mange av forteljingane, og dei tek opp i seg mønster frå folkelege sjangrar. Men vi finn også mange av dei same tema som i den “høge” litteraturen.

Det er primært gjennom ein førmoderne forteljemåte at Flatabøs forteljingar skil seg frå den “høge” litteraturen. Sjølv om han brukar (nasjonal)romantisk stoff, er forteljingane hans knytta til det moderne industrisamfunnet, dei tek tydelege standpunkt til dette samfunnet, og er prega av det, også der dei eksplisitt tek avstand frå det. I forteljinga Vebjørn, den ensomme bonde (1926) tek hovudpersonen avstand frå kapitalismen og bysamfunnet, samstundes som han er utstyrt med eit kapitalistisk medvit. Forfattarskapen uttrykkjer det vi i dag ville kalla for sosialdemokratiske verdiar.

Omgrep som “folkeskribent” og “folkelitterat” representerte tidlegare noko nedvurderande. Bøkene til desse forfattarane blei ikkje utsette for kritikk, og dei var lenge ignorerte av litteraturforskinga. I dag ser vi at denne litteraturen står i ei mellomstilling mellom førmoderne og moderne litteratur, og må forståast på bakgrunn av den kulturelle konteksten den sprang ut av.

Jon Flatabøs forfattarskap var omfattande, og bøkene hans blei lesne i vide krinsar, især blant den raskt veksande arbeidarbefolkninga i storbyane. Men han blei ikkje rik på skrivinga. I 1930 døydde han einsam, fattig og myteomspunnen på sjukeheimen Prinds Christian Augusts Minde i Oslo.

Verker

  • Ei omfattande liste over Flatabøs bøker finst i nyutgåva av Husmannsdatteren fra Odalen, 1976 (sjå nedanfor)

    Eit utval

  • Husmandsdatteren fra Odalen, 1891 (nyutg. med etterord, kommentarstoff og bibliografi ved A. Tvinnereim, 1976)
  • Olaf Trygvason. Historisk roman fra det tiende aarhundrede (under pseud. Bjørn Bu), 1891
  • Storbonden paa Romerike (under pseud. Olav Isjøkul), 1891
  • Den gamle Skolemester, 1891
  • Solungsjenten, 1892
  • Aagot. En djærv Kvinde. Fortælling fra Jarlsberg, 1894
  • “Dronningen i Vaterland” eller Abelones 100 Eventyr (under pseud. Olaf Isjøkul), 1895 (3. utg. Den skjønne Abelone eller Dronningen av Vaterland. Sensationel Fortælling fra det mørke Kristiania, 1908)
  • Petra. Perlen fra Smaalenene, 1895
  • Signe, præstens forlovede. En bondepiges sandfærdige kjærlighedshistorie, 1895
  • Anna Brandfjeld eller hvad den vise kvinde alene vidste. En romantisk fortælling fra Kristiania (under pseud. Olaf Isjøkul), 1899
  • Jostedals-Rypen. Historisk-romantisk Fortælling fra den sorte Døds Tid, 1899
  • Telemarks-Jenten, 1900
  • Brudefærden i Hardanger. Romantisk Fortælling, 1902
  • Den forfulgte Trondhjemmer. Fortalt af Snedker Jørgensen, 1903
  • Vebjørn, den ensomme bonde. Fortelling fra Jarlsberg, 1926

Kilder og litteratur

  • S. Heiestad: Av folkelesningens saga, 1946
  • W. Dahl: “Dårlig” lesning under parafinlampen, 1974
  • J. A. Dale: Litteratur og lesing omkring 1890, 1974
  • A. Tvinnereim: Etterord og kommentarstoff i J. Flatabø: Husmannsdatteren fra Odalen, (nyutg.) 1976
  • H. P. S. Knudsen: Folkeskribenten Rudolf Muus og hans forleggere, 1995
  • K. Glette: Jon Flatabø og Vestfold, Tangen 1997

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Jens R. Nilssen, u.å.; gjengitt i S. Heiestad: Av folkelesningens saga, s. 65