Faktaboks

Henny Skjønberg
Henny Bucher Eide Skjønberg
Fødd
6. august 1886, Stavanger, Rogaland
Død
5. januar 1973, Oslo
Verke
Skodespelar og dramatikar
Familie
Foreldre: Skipper og brusfabrikant Henrik Eide (1831–1907) og Ingeborg Sofie Bucher (1846–1929). Gift med skodespelar Conrad Eugen Skjønberg (1889–1971), son til skreddarmeister Christian Schønberg (f. 1860) og sydame Pauline Marie Karlsdotter (f. 1854). Mor til Pål Skjønberg (1919–2014) og Espen Skjønberg (1924–).
Henny Skjønberg
Henny Skjønberg
Av /NTB Scanpix ※.

Henny Skjønberg var ein karakterskodespelar med eit sterkt personleg uttrykk på både teater og film, ein realistisk miljøskildrar, som makta å sameine det folkelege og forfina med klokskap og underfundig humor. Ho skreiv òg fleire fantasifulle skodespel for barn.

Ho hadde ein spennande oppvekst i Stavanger. På morssida hadde ho både skodespelarar og ei pianistinne. Faren var omgangsven med Alexander Kielland, og i den heimen vart Henny inspirert til å skrive. Alt som 20-åring reiste ho til London og livnærte seg med å sende reisebrev til Stavanger Aftenblad. 1910 drog ho til Moskva som guvernante hos ein russisk adelsfamilie. Og i Kristiania 1914 prøvde ho for Thora Hansson, som skulle starte Stavanger Faste Scene. Der møtte ho Eugen Skjønberg frå Kragerø. Dermed var grunnlaget for skodespelardynastiet Skjønberg lagt.

1914 debuterte Henny Skjønberg som tante Malla i Geografi og kjærlighet på Stavanger Faste Scene. 1918 vart ho tilsett på Det Norske Teatret, der ho arbeidde fast fram til 1957, bortsett frå sesongen 1919–20 på Trøndelag Teater. Ho var med på å utvikle den særeigne karakterkomiske spelestilen på Det Norske Teatret, der humoren og ironien hadde eit truverdig realistisk grunnfeste. Desse eigenskapane synte ho alt 1922 som Hønse-Lovisa i Ungen, ei glansrolle ho spela om att både 1929 og 1942. Kontrasten var stor til Prestefrua i Den store barnedåpen (1939, 1947 og 1953).

Infernalske, kraftfulle kvinner kom til å stå sterkt i karrieren. Henny Skjønberg var framifrå både som Nille i Jeppe på Berget (1928) og som Maren dokter i Læraren (1938). Men ho kunne òg framstille finare eldre fruer. 1935 var ho rørande hjartegod som kona i Jegor Bulytsjov av Maksim Gorkij, og året etter spela ho den gamle husmannskona i Tolstojs Ljoset skin i mørkret med slik klokskap at ho vart ruvande stor i den vesle stova si. Ho stod sterkt som den småpuslete spiritistiske presteenkja i I grunnbrotet (I brændingen) av Kaj Munk (1939).

Henny Skjønberg var ein karakterkunstnar med stor spennvidd. Som ei av dei halvgalne kvinnene i Den galne frå Chaillot av Jean Giraudoux (1950) balanserte ho glimrande mellom dristig fantasi og streng sans for det verkelege. Ei av glansrollene var den kontante gamle Marte i Bleikeplassen av Tarjei Vesaas (1953, 1963). Paul Gjesdahl gav denne attesten: “Den frodige blomstring som Vesaas' tidligere idéskuespill savnet, har Bleikeplassen fått – særlig takket være de lysstripene av bred humor som stråler fra gamle Martes sunne og usentimentale hjertelighet – en karsk gemyttlighet som teatret i Henny Skjønberg har funnet den sikreste og beste representant for.” Ho var kosteleg morosam som Mor Gesa i Liolà av Luigi Pirandello (1954). Strålande humørfylt spela ho den heidenske kjerringa med fjorten ungar i Federico García Lorcas Yerma (1955). Og ho var sjarmerande som den gamle tenestkvinna Marte i Under treet ligg øksa av Tormod Skagestad (1955).

Henny Skjønberg var òg ein dyktig og populær filmskodespelar. Ho debuterte 1920 som mora i Fante-Anna. Mest kjend er ho som den ugifte tante Pose i Gabriel Scotts juleforteljing med same namn (1940). Spesialiteten hennar var mødrer, tanter og særeigne frøkner, m.a. Tobine i Fant (1937), Frøken Tangen i Vi gifter oss (1951) og Fru Kjos i Klokker i Måneskinn (1964). Ho avslutta filmkarrieren 1967 som den gamle dama i Pål Løkkebergs Liv.

Ho skapte fleire fantasifulle barnekomediar og starta ukonvensjonelt med Bli med til Kina (1932), som handlar om ein tolvåring som rømmer med Kina-båten og møter ei ukjend, spennande verd. Seinare følgde Utstøytt, Kari Trestakk, Prinsesse Tone og Hallo Afrika, som ho òg sette i scene. Ho var ein sprudlande idérik instruktør og fekk strålande kritikkar, m.a. for Prinsessene i berget det blå av Peter Nissen (1941 og 1956).

1934 vart Henny Skjønberg heidra med Hulda Garborgs stipend og 1953 med Norsk Dramatikerforbunds æresmedalje.

Verker

Skodespel

  • Bli med til Kina, 1932
  • Utstøytt, 1941
  • Kari Trestakk, 1944
  • Prinsesse Tone, 1945
  • Hallo Afrika, 1950

Kilder og litteratur

  • Det Norske Teatret 25 år, 1913–1938, 1938
  • A. Sudmann (red.): Norsk Alkunnebok, 1948–64
  • P. Gjesdahl: Premierer og portretter, 1957
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år, 1913–63, 1963
  • TFL, 1991
  • L. T. Braaten, J. E. Holst, J. H. Kortner (red.): Filmen i Norge. Norske kinofilmer gjennom 100 år, 1995
  • SNL, bd. 13, 1998
  • arkivet på Det Norske Teatret
  • arkivet på Norsk Filminstitutt

Portretter m.m.

  • Måleri (som Marte i Bleikeplassen) av Elsa Lystad, 1965; Det Norske Teatret, Oslo
  • Måleri (som Elvira i Byen ved havet, sm.m. Nils Hald som Skipper Tønnessen) av Eva Eleonora Seliga, 1969; Det Norske Teatret