Faktaboks

Harald Heide Steen
Fødd
11. januar 1911, Kristiania
Død
3. januar 1980, Oslo
Verke
Skodespelar
Familie
Foreldre: Skodespelar Harald Steen (1886–1941; sjå NBL1, bd. 14) og skodespelar Signe Gunhilde Heide (1881–1959). Gift 22.11.1937 med dansar, seinare sufflør Gerd Paulsen (18.5.1915–1977), dotter til frisørmeister Henry Alfred Jacob Paulsen og Marie Schøyen. Systerson til Harald Heide (1876–1956); far til Harald Heide-Steen jr. (1939–); bror til Kari Diesen (1914–87); morbror til Anne Marit Jacobsen (1946–).
Harald Heide Steen

Rollebilete frå 1954

Harald Heide Steen
Av /NTB Scanpix ※.

Harald Heide Steen var ei hovudkraft i ensemblet på Det Norske Teatret i over 40 år, ein realistisk karakterskodespelar og frodig gjøglar med stor spennvidd og ein av dei finaste representantane for den ensembleånd som har prega nynorskscenen.

Heide Steen voks opp i eit rikt teatermiljø. Begge foreldra var skodespelarar, og sjølv var han berre 10 år da han første gongen stod på scenen, i Storken av Hans Aanrud, på Nationaltheatret, der han òg spela begge sønene til Doktor Stockmann i En folkefiende. Han var elev på Casino Teater, Balkongen og Chat Noir. 20 år gammal spela han Ottar Birting i Bjørnsons Sigurd Jorsalfar på friluftteatret på Folkemuseet. Han arbeidde ei tid som elektrikar før han 1935 vart fast tilsett på Det Norske Teatret, der han blei i over 40 år, med berre tre sesongars avbrot: 1938–39 hadde han engasjement på Den Nationale Scene, og 1949–51 på Nationaltheatret. I Bergen spela han m.a. føraren for maurane i Čapeks Insektliv. På Nationaltheatret framstilte han den fråskilde ingeniøren Finn Hals i Kong Midas av Gunnar Heiberg både kjenslevart og humoristisk (1950), og han skapte ein frisk og naturleg Oslo-borgar av rørleggjar Andersen i Johan Borgens Eventyr (1951).

Men Det Norske Teatret var hovudbasen for Heide Steen. Det fall mange lovord alt da han 1935 debuterte som Sysselmannen i Fjeld-Eyvind av Johann Sigurjonsson. Debutanten hadde scenesjarm, ei vakker, klangrik røyst, eit ope sinn. Gjennombrotet som karakterkunstnar fekk han 1937 som den kjenslevare broren i O'Neills Bak horisonten. Året etter stadfesta han denne posisjonen ettertrykkeleg som Julius i Ungen av Oskar Braaten – ei finslipt skildring av veikskapen og uvissa bakanfor det harde skalet til ein vaskekte Don Juan frå Oslo aust. Denne rolla spela han både 1942, 1951 og i Rasmus Breisteins filmversjon 1938.

Med åra utvikla Heide Steen eit fintregistrerande innsyn i meir komplisert sjeleliv. Han skapte forsvar og forståing for konfliktladde sinn som presten Kargo i Kjærleik av Kaj Munk (1940), Stivhatten i Kranes Konditori (1946, 1953), Paulus Hove i Læraren (1948) og Sigismund i Den fjerde nattevakt (1956). 1974 spela han Ol'Kanelesa i det same stykket. Det klassisk reinskorne, sansen for rytme og poetisk stil kom til uttrykk i dei mektige tolkingane av Kong Oidipus (1957), Prospero i Stormen (1959), Tesevs i Fedra (1960) og Jason i Medea (1963). 1951 hadde han eit veritabelt gjennombrot som karakterkomikar i rolla som bakaren i Kona til bakaren av Marcel Pagnol. Og i eit inntrengjande portrett av bonden Torberg på Bjørholt i Ettermæle av Olav Duun (1976) var Heide Steen traust bonde med ekte forankring i jord. Brått kunne han gi innsyn i sjuke sinn der ein minst venta det. Den einsame gardsguten Jud Fry i Oklahoma (1949, 1960) vart eit slikt skakande portrett. Den klangrike songrøysta fekk òg falde seg ut som Buffalo Bill i Annie Get Your Gun (1964).

Realistisk karakterkunst viste han som Manders i Gengangere (1964) og Willy Loman i Ein seljars død av Arthur Miller (1967). Sameininga av menneskekunnskap, humor og poesi kom til uttrykk i fleire Tsjekhov-roller: Andrej i Tre systrer (1941, 1954), Teljegin i Onkel Vanja (1970), Sorin i Måken (1974) og Firs i Kirsebærhagen (1979). Den frodige gjøglaren falda seg ut i folkekomediar av Alf Prøysen og Kjell Aukrust: Brødrene Dahl i Tingel-tangel i natt (1959), Lundjordet i Trost i taklampa (1963) og den kostelege alvdølen Embret Trondskroken i Dobbelsats og freske fraspark (1961). Ingen sjanger var framand for Heide Steen. 1977 fekk han Kritikarprisen for si vitale framstilling av tittelrolla i Postmannen frå Arles av Ernst Bruun Olsen, eit sjølvlysande rolleportrett, generøst, hjartevarmt, fylt av livsglede og frodig humor.

Heide Steen var òg ein mykje nytta filmskodespelar. Han debuterte i Tancred Ibsens Vi som går kjøkkenveien 1933, og seinare følgde ei rad solide biroller, m.a. Justus Gjør i Astrid Henning-Jensens Kranes Konditori (1951), forsvararen i Arne Skouens Herren og hans tjenere (1959) og Engebret i Barthold Halles musikal-filmatisering av Ungen (1974). I tillegg arbeidde han mykje i NRK, både som opplesar og i Radioteatret.

Harald Heide Steen vart heidra med Hulda Garborgs stipend (1958) og Norges Husmorlags Takk for forestillingen-pris, og han fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1967.

Kilder og litteratur

  • Det Norske Teatret 1913–1938, 1938
  • A. Rønneberg: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • A. Rønneberg: Nationaltheatret 1949–1974, 1974
  • K. Nygaard, E. Eide: Den Nationale Scene 1931–1976, 1977
  • L. Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988, 1988
  • TFL, 1991
  • SNL, bd. 13, 1998
  • arkivet på Det Norske Teatret

Portretter m.m.

  • Måleri (som Stivhatten i Kranes Konditori) av Harald Dal, 1969; Det Norske Teatret, Oslo