Faktaboks

Harald 5.
Harald V
Fødd
21. februar 1937, Skaugum i Asker
Verke
Norges konge
Familie

Foreldre: Daværende kronprins Olav (senere kong Olav 5; 1903–91) og kronprinsesse Märtha (1901–54).

Gift 29.8.1968 i Oslo med Sonja Haraldsen (1937–; se Sonja).

Bror av prinsesse Ragnhild (1930–2012) og prinsesse Astrid (1932–); far til prinsesse Märtha Louise (1971–) og kronprins Haakon (1973–); svigerfar til kronprinsesse Mette-Marit (1973–).

Kong Harald i 2016
/Det kongelige hoff.
Tre generasjoner
Harald som 15-åring i 1952 med faren Olav og bestefaren Haakon.
Tre generasjoner
Av .

Harald 5. er konge i Noreg sidan 1991. Han er den første norske monarken sidan 1380 som sjølv er fødd i Noreg. Saman med dronning Sonja har kong Harald vidareført og modernisert det norske kongedømet. Han nyt stor respekt som ein inkluderande konge.

Prins Harald blei kronprins i 1957, då bestefaren kong Haakon 7. døydde. Kronprins Harald var kjærast med Sonja Haraldsen i fleire år før det blei offentleg kjent. Forholdet fekk blanda mottaking, sidan Sonja ikkje var kongeleg. Dei gifta seg i 1968, etter at faren kong Olav 5. til slutt gav samtykke til ekteskapet. Dei fekk to born: prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon Magnus. Harald og Sonja vart signa i Nidarosdomen som konge og dronning etter at kong Olav døydde i 1991.

Fødsel og slektskap

Kong Haakon 7., kronprins Olav 5. og barna Harald 5., Ragnhild og Astrid i 1939.

Harald 5. blei fødd på storgarden og kronprinsbustaden Skaugum i Asker i Akershus. Foreldra var dåverande kronprins Olav, seinare kong Olav 5., og kronprinsesse Märtha. Prins Harald er av kongeleg slekt, med anar attende til mellomalderen. Han høyrer til fyrstehuset Glücksburg, ei sidegrein av fyrstehuset Oldenburg. På mannssida går ei slektslinje attende til Christian 3. av Danmark-Noreg, konge frå 1534 til 1559. Farmora hans var dronning Maud, dotter av kong Edvard 7. av Storbritannia og dronning Alexandra, prinsesse av huset Glücksburg. Edvard 7. var son til dronning Victoria, noko som gjer Harald 5. til tippoldebarnet til dronning Victoria.

Harald er i nær slekt med mange europeiske monarkar. Han er:

Fødselen til Harald blei gjort kjend gjennom eit kommuniké underteikna av to legar, professor Anton Sunde og Hans Ludvig Carl Huitfeldt: «Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen fødte i dag 21. februar kl. 12.45 en velskapt sønn. Fødselen forløp normalt. Så vel Kronprinsessen som den lille prins befinner seg vel. Skaugum, 21. februar 1937». Kommunikeet var så knapt som det kunne vere. Ikkje noko om vekt og lengd, ikkje noko om at faren var til stades under fødselen. Det var uvanleg i dei dagane. Faren, kronprins Olav, sa heller ikkje noko om dette før langt seinare.

Statsminister Johan Nygaardsvold fekk melding om fødselen, slik Grunnlova fastset. Fødselen til ein arveprins skal òg registrerast i statsråd, og det blei gjort dagen etter. Stortinget fekk så ei erklæring frå statsministeren: «I henhold til Grunnlovens paragraf 6 tilkjennegis herved for Norges storting at Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märtha i går klokken 12.45 er nedkommet med en velskapt sønn. Den nyfødte arveprins vil bli døpt under navnet Harald.»

Slik blei arveprinsen teken imot av det norske samfunnet som den heilt spesielle personen han var og er. At prins Harald blei fødd var ei historisk hending i Noreg, særleg sidan han kunne bli den første norske monarken som òg var fødd i Noreg sidan 1380.

Andre verdskrigen

Johan Nygaardsvold

Statsminister Johan Nygaardsvold og prins Harald på Pooks Hill, USA, sumaren 1942. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Johan Nygaardsvold
Av /NTB Scanpix ※.

Prins Harald budde saman med foreldra og dei to prinsessene Ragnhild og AstridSkaugum fram til 9. april 1940, då dei måtte røme unna den tyske okkupasjonsmakta. På Elverum skilde han, kronprinsesse Märtha og dei to prinsessene lag med kronprins Olav, og farfaren, kong Haakon 7. Dei drog over grensa til Sverige, der kronprinsessa hadde nær familie. Då kongen og regjeringa var komne til London i juni, bestemte dei at prins Harald og dei andre familiemedlemene skulle reise frå Sverige til USA. Dei ville hindre at prinsen blei ei brikke i eit politisk spel med okkupasjonsmakta, som hadde tankar om å avsetje kong Haakon og gjere prinsen til barnekonge.

Dei neste fem åra budde prins Harald saman med den vesle familien i ein villa på Pooks Hill, eit par mil nord for Washington D.C. Familien blei teken hand om av presidenten i USA, Franklin D. Roosevelt. Kronprins Olav kom òg ofte på lengre vitjingar frå London. Prins Harald hadde dessutan stor glede av turar til dei norske styrkane i Little Norway utanfor Toronto, Canada, der han blei som ein maskot for dei norske flygarane.

Då tyskarane kapitulerte i mai 1945, reiste familien først til London, og derifrå til Edinburgh i Skottland, der kryssaren «Norfolk» låg klar til å ta dei til Noreg og Oslo saman med kong Haakon og det meste av Londonregjeringa. Her blei dei 7. juni tekne imot av kronprins Olav, som var komen heim tidlegare, og ordføraren i Oslo, Einar Gerhardsen, samt andre framståande personar frå styresmaktene. Familien flytta då attende til Skaugum etter eit opphald på Bygdøy kongsgard.

Utdanning

Prins Harald (til høyre) feirer avlagt examen artium 1955
Prins Harald (til høyre) feirer avlagt examen artium 1955
Av /NTB.

Prins Harald fekk den første skulegangen sin i USA, der han frå 1943 gjekk på The White Hall Country School i Connecticut, ikkje langt frå Pooks Hill. Her fekk han undervisning på engelsk, men heime insisterte kronprinsesse Märtha på at dei skulle snakke norsk. Hausten 1945 tok prins Harald til på Smestad skole i Oslo. At han som arveprins gjekk på ein offentleg skule var noko spesielt, og ulikt faren som hadde fått privat undervisning på Slottet.

Prins Harald tok examen artiumreallina ved Oslo katedralskole våren 1955. Han gjekk inn i Forsvaret i 1956 og blei utdanna ved Befalsskulen for kavalerietTrandum i 1956, og ved Krigsskulen for Hæren i 1957–1959. I 1960 blei han løytnant og nestkommanderande ved Kavaleriets rekruttskule, og vidare oberst og kommandør i 1970. I 1977 blei han utnemnd til general i Hæren, admiral i Sjøforsvaret og general i Luftforsvaret.

Prins Harald avslutta dei akademiske studiane med to år ved Balliol College i Oxford i 1960–1962, der kong Olav òg hadde studert. Faga var statsvitskap, historie og økonomi. Resten av utdanninga til konge blei teken i det praktiske kongelege livet.

Familie og ekteskap

Kongelig bryllup
OSLO 1968-08-29: Kongeleg norsk bryllaup. Kronprins Harald giftar seg med Sonja Haraldsen. Kronprinsparet inviterte med bryllaupsgjestene sine til Henie-Onstad kunstsenter på Høvikodden. Frå venstre: Irmelin Riddervold (forlovar), Sonja Haraldsen, kronprins Harald, Prins Henrik av Danmark, Prinsesse Margrethe av Danmark, Johan Martin Ferner, Prinsesse Astrid fru Ferner, Bærums ordførar, W. Greiner og Kong Olav.
Av /NTB Scanpix.

Mora, kronprinsesse Märtha, døydde alt i 1954, etter lang tids sjukdom. Prins Harald var 17 år gamal og skulle ta eksamen på katedralskulen det året. Det hadde vore eit spesielt nært forhold mellom mor og son. Harald har seinare gitt uttrykk for at tida etter bortgangen hennar var ein tung periode for han.

I 1957 døydde bestefaren kong Haakon 7., og Harald blei kronprins. Då høyrde det til pliktene å møte i statsråd. Etter kort tid måtte han fungere som regent medan kong Olav var på reise.

I 1967 og 1968 tok det til å versere rykte om at kronprins Harald hadde ein kjærast, og at han ønskte å gifte seg med henne. Men det var eitt problem: Kjærasten, Sonja Haraldsen, var ikkje av kongeleg slekt. Paret visste nok at eit slikt giftarmål ville bryte med tradisjonen i monarkiet. Men det synte seg at dei alt hadde vore saman i mange år.

Kong Olav var skeptisk til eit ikkje-kongeleg giftarmål for kronprinsen, men var i villreie og søkte råd hos politikarane. Regjeringa Borten var splitta i saka, men til sist gjekk dei ikkje imot borgarleg ekteskap. Kronprins Harald sjølv hadde gitt uttrykk for at han, om han ikkje fekk gifte seg med Sonja Haraldsen, måtte vurdere å leve ugift resten av livet.

Saka blei grundig drøfta i media og blant folk flest utover vinteren 1968. Ein stilte spørsmål om monarkiet ville kunne ha ei dronning frå borgarleg samfunnslag og om det ville vere eit høve til å innføre republikk. Til sist gav kong Olav sitt ja til giftarmålet. 29. august 1968 gifta Harald seg med Sonja Haraldsen, som då fekk tittelen kronprinsesse Sonja. Dei vart vigde i Oslo domkyrkje av biskop Fridtjov Birkeli.

Harald og Sonja fungerte som kronprinspar i vel tjue år. For ein komande konge var dette viktige læreår. Dei reiste mykje rundt i landet og var òg med på mange reiser utanlands saman med folk frå næringsliv og samfunnsliv elles. Dei fekk to born: prinsesse Märtha Louise 22. september 1971 og kronprins Haakon Magnus 20. juli 1973.

Kong Harald 5.

Kong Harald 5. avlegger ed 20. januar 1991
Kong Harald 5. avlegger ed 20. januar 1991
Av /NTB.
Signinga i Nidarosdomen

Som far sin valgte kong Harald å la seg signe til kongsgjerningen. Saman med dronning Sonja blei han signa i Nidaros domkirke søndag 23. juni 1991 av biskop Finn Wagle. I bakgrunnen (ved sida av dronninga) ses også biskop Andreas Aarflot.

Signinga i Nidarosdomen
Av /NTB Scanpix.

Då kong Olav døydde 17. januar 1991, blei Harald konge. Han tok det same valspråket som kong Haakon og kong Olav: «Alt for Noreg». Han blei signa i Nidarosdomen, sammen med dronning Sonja, 23. juni 1991. Som konge gjekk Harald inn i ein nær 90 år lang tradisjon, utvikla av farfaren og faren. Kongens rolle som den fremste leiaren i staten er fastlagd i Grunnlova, som definerer dei politiske og konstitusjonelle pliktene.

Men den symbolske rolla kongen spelar gir rom for tilpassing til den tida monarken lever i. Å vidareføre og modernisere det norske kongedømet har vore den viktigaste oppgåva for kong Harald og dronning Sonja. Av praktiske moderniseringar ser ein initiativet deira til å restaurere Slottet, Bygdøy kongsgard og Oscarshall slott. Både kong Harald og dronning Sonja har reist mykje rundt i landet for å møte folket, der begge har vist seg frå ei relativt personleg side.

Ein inkluderande konge

Kong Harald 5. Bilde frå 2007.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Som faren og farfaren har kong Harald sett det som viktig å bidra til inkludering av ulike grupper i samfunnet. Kong Haakon ville ta imot kongeoppdraget etter ei folkerøysting, og han spela ei rolle då Arbeidarpartiet for første gong fekk regjeringsoppdraget i 1928. Kong Olav la vekt på samane sine rettar og at det nye etniske mangfaldet i landet måtte møtast med toleranse og inkludering. Det same har kong Harald gjort.

Kong Harald har nytt stor respekt som ein inkluderande konge. Kong Harald har halde mange talar som har vekt merksemd, både når det gjeld det politiske innhaldet, og når det gjeld reine verdispørsmål. Ein av dei mest kjende talane vart halden i KibergVarangerhalvøya under den første reisa i Nord-Noreg som kongepar. Her kom kong Harald med heider til partisanane under krigen og såg positivt på haldningane deira til Russland, med familieband og godt naboskap. Det var rekna som ei oppreisning til folk som var blitt gløymde og haldne utanfor når det galdt innsatsen under okkupasjonen.

Kong Harald er ofte meir direkte og tydelegare enn mange politikarar i verdispørsmål. Slik har han teke omsynet til inkludering endå lenger enn kongane før han. Som konge er han med på feiringa av den pakistanske nasjonaldagen. Men han er òg oppteken av andre vanskelege og viktige spørsmål i samtida. I ein vidgjeten tale i Slottsparken i 2016 under 25-årsmarkeringa av tronskiftet i 1991, sa han: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre».

Etter terroråttaka 22. juli 2011, stod kongen og kongehuset fram som samlande. Kongen sjølv var sterkt merkt av hendinga og gret ope under markeringa i Oslo domkyrkje eit par dagar etter terroren. Kongen rørte mange med ein sterk og personleg tale under den nasjonale minnemarkeringa i Oslo Spektrum i august same året. Han sa mellom anna at «Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss sammen i flerkulturelle og mangfoldige samfunn». Ved fleire høve kom han attende til setninga om at fridomen er sterkare enn frykta.

Mange personar i offentleg og privat verksemd og diplomatar i Oslo har gitt uttrykk for at dei er imponerte over kunnskapane til kong Harald og den tydelege interessa hans for mange samfunnsforhold, både nasjonalt og internasjonalt. Å vere monark i eit konstitusjonelt monarki som i Noreg, der monarken har svært avgrensa og mest symbolsk makt, er ein vanskeleg balansekunst. Kong Harald har gjort det på ein måte som vekkjer respekt hos folk flest. Jamt over 70 prosent av folket er framleis tilhengjarar av monarkiet, og endå fleire er positive til måten personen kong Harald løyser oppgåvene sine på. Derfor er det lite snakk om innføring av republikk i hans tid som konge.

Idrettsmann og administrator

Harald 5

Kong Harald har i likhet med far sin vore ein ivrig seilar. Her er den unge kronprinsen under OL i Tokyo i 1964, der han blei blant dei beste norske utøvarane med ein åttandeplass. Kronprinsen var norsk flaggbærar under innmarsjen, og han var òg OL-deltakar i 1968 og 1972.

Av /NTB Scanpix ※.

Kong Harald er engasjert i fleire ulike typar organisasjonar. På fritida har kong Harald mellom anna vore ein dugande seglar, og han deltok i tre olympiske leikar, i 1964, 1968 og 1972. I VM har han fleire medaljar, inkludert gull med båten «Fram X» i 1987. Han har òg mange gode plasseringar i andre store turneringar, til dømes EM-gull i havsegling i 2005. Han er kjend som ein streng, men humørfylt skipper på seglbåtane. Han blei heidra med Holmenkollmedaljen i 2007 og Norges idrettsforbunds heiderspris i 2010.

Han har dessutan vore aktiv som idrettsadministrator. Han samla til dømes norske konkurranseseglarar i éin organisasjon og fekk dei med i Norges idrettsforbund. Han var òg aktiv i leiinga for OL på Lillehammer i 1994.

Kong Harald driv òg med anna friluftsliv. Han er ein tolmodig fiskar etter laks og ein ivrig jeger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bo Bramsen: Huset Glücksborg, bd. 1. og 2. København 1992
  • Jardar Skaadel og Svein Erik Skarsbø: Norske kongar og regentar. Oslo 1998
  • Per Egil Hegge: Harald V. Oslo 2006
  • Tor Bomann-Larsen: Hjemlandet. Oslo 2016
  • Harald Stanghelle: Kongen forteller, 2020

Faktaboks

Harald 5.

Kommentarar (2)

skreiv Torbjørn Greipsland

Da blir det tredje henvendele fra meg. Jeg synes disse bøkene bør bli med i litteraturlisten:*Kongen slik vi kjenner ham. Millennium (DAMM) 2000. Eneste bok der barn, unge og voksne i ulike stillinger sier sin mening om kong Harald og kongedømmet. Intervju med, omtale av, eller artikler av følgende: Georg Apenes som ønsket kronprins Haralds som president. Stortingsrepresentant for Ap. Martha Johannessen, som sa en norsk jente er like bra for Harald som en utvannet utenlandsk prinsesse. VG-journalist Annemor Møst, som mente kronprinsen burde ta nok en utenlandstur for å finne en passende ektemake. Biskop Finn Wagle, generalsekretær Ingrid Vad Nilsen, Norges Kristne Råd, fylkesmann Svein Alsaker, Magnhild og Per Borten, blant annet om ordener og om besøk av kong Olav i Flå, Guttorm Hansen, Lars Korvald, Thorbjørn Jagland, Kristin Clemet, Erik Solheim, Carl I. Hagen, Gunnar Kvassheim, LOs informasjonssjef Ellen Stensrud. Tema for de sist nevnte er særlig kongens makt og innflytelse. Intervju med Hallstein Braaten Bjercke, Norsk Elevorganisasjon, Øyvind Håbrekke, KrFU, Arild Gram, Senterungdommen, Anniken Huitfeldt, AUF-leder, Silje Schei Tveitdal, leder Natur og Ungdom, Helge Hjetland, leder Norsk Lærerlag, Anne Marit Hovstad, Norges Husmorforbund, Bente Breivik Petterson, Norges Håndballforbund, Ola Ødegaard, generalsekretær Landsforeningen Rettferd for taperne, Arne Skarpsno, Aslam Ahsan, Rune Bratseth, Anita Moen (Guidon), Hans Petter Buraas, Per Edgar Kokkvold, generalsekretær i Norsk Presseforbund, Torunn Ropstad, misjonær i Hong Kong, Per Bye Ohrstrom, generalkonsul Chicago, og direktør Knut Djupedal, Utvandrermuseet *Med konger og dronninger til kirke gjennom 1000 år. Luther Forlag 1995. Om de norske, dansknorske og svensknorske konger og dronninger. Medforfattere Audun Mosevoll, Tor Johannes Jensen og Egil Mongstad. Intervju med H.M. kong Harald, av redaktør Erling Rimehaug. Artikler av biskop Andreas Aarflot og lagtingspresident Jan P. Syse. ----- Mvh Torbjørn Greipsland

skreiv Ida Scott

Hei! Tusen takk for fyldig innspill og forslag. Litteraturlistene våre skal i hovedsak være en oversikt over litteratur brukt i forbindelse med skriving av artikkelen, ikke lister over all litteratur som finnes om emnet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg