Faktaboks

Hans Hielm
Hans Abel Hielm
Fødd
11. august 1792, Kristiansand, Vest-Agder
Død
2. april 1869, Christiania
Verke
Bokhandlar og pressemann
Familie
Foreldre: Regimentskvartermester og auditør Børge Jonassen Hielm (1740–1810) og Hulleborg Abel (1762–1834). Gift 17.6.1818 med Jenny Mitchell (21.1.1793–13.12.1861), dotter til kjøpmann og mekanikar Andrew Mitchell og Mary Ronald. Bror til Jonas Anton Hielm (1782–1848).

Hans Abel Hielm vert hugsa for å ha utgjeve opposisjonsbladet Det Norske Nationalblad dei fyrste åra etter 1814.

Hielm vart student i København 1811 etter å ha studert ved Kristiansands katedralskole, og tok andreeksamen 1812. Han reiste attende til Noreg 1814 og vart bokhandlar i Christiania. 1815 søkte han Kyrkjedepartementet om å bli utnemnt til universitetsbokhandlar, men fekk avslag. Som bokhandlar skaffa han seg faste utanlandske kontaktar, som gjorde det mogleg for han å forsyna kundane sine med eit rikt utval av internasjonal litteratur.

Han gav ut Det Norske Nationalblad frå juli 1815. Hielm stod som utgjevar av bladet, medan namnet på redaktøren skulle haldast hemmeleg og aldri vart offentleggjort. Men ein kan seia temmeleg sikkert at den hemmelege redaktøren var advokat Jonas Anton Hielm, ein eldre bror av utgjevaren, noko dei fleste gissa på allereie då bladet kom med si fyrste utgåve.

Engelske opposisjonsblad var eit førebilete. Avisa var markert patriotisk og nasjonal, og utgjevaren såg det som si fremste oppgåve å verna om det norske sjølvstendet. Men bladet var ope for alle meiningar og inneheldt mykje ulikt stoff. Skarp satire og bitande ironi stod side om side med svulstige hyllingsdikt til kongen og unionen. Det var òg stor spreiing i emne, med alt frå praktiske saker som gjaldt utvikling av jordbruk, handel og næringsliv, til filosoferande artiklar om politiske og religiøse spørsmål. Utgjevaren lova å trykka alt som vart sendt inn til bladet, så lenge det var skrive i eit passande språk og ein sømeleg tone, og å halda namnet på anonyme forfattarar hemmeleg. Dette førte til at utgjevaren måtte trykka ting han sjølv ikkje kunne gå god for, og etter kvart kom nok utgjevaren til å angra på denne lovnaden, som til sist tvang bladet til å gå inn.

Hielm vart grunna artiklar i bladet utsett for fleire trykkefridomsaksjonar. I dei fleste vart han frikjend, men klagene mot han vart etter kvart meir alvorlege. Hielm nekta konsekvent å oppgje namnet på forfattaren til to artiklar i mai 1821, som regjeringa meinte var injurierande og gjekk over grensene for trykkefridomen. Det kom fram at det var broren Jonas Anton Hielm som stod bak artiklane, og han vart seinare tiltalt. Bladet vart nekta portomoderasjon og vart dermed tvinga til å gå inn i september 1821. Hielm fekk samstundes ein årleg pensjon på 600 spesidalar i året frå kongen sin private kasse, noko som fyrst vart kjent seinare. Det var truleg eit vilkår for denne pensjonen at Nationalbladet måtte gå inn. Det var ikkje uvanleg at Karl Johan nytta pensjonar og pengegåver til å stoppa brysame opposisjonelle.

To dagar etter at Nationalbladet kom med sitt siste nummer, byrja Hielm å gje ut ei ny avis, Den Norske Nationalven, men denne var langt meir moderat og forsiktig enn forgjengaren. Dette bladet fekk òg ei kort levetid, og gjekk inn i desember 1823. Ikkje lenge etter selde Hielm bokhandelen og trykkeriet, og han busette seg i Aker, der han vart gardbrukar. Han deltok seinare aktivt i lokalpolitikken og vart 1837 den fyrste ordføraren i Aker. Dei siste åra budde han i Christiania, der han døydde 1869.

Verker

  • Utg. Det Norske Nationalblad af blandet Indhold, 1815–21
  • utg. Den Norske Nationalven af blandet Indhold, 1821–23
  • utg. Kommunalblad, 1839–40

Kilder og litteratur

  • NFL, bd. 2, 1888
  • F. C. Wildhagen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • R. Laache: Nordmenn og svensker efter 1814. Spredte trekk som bidrag til unionens historie, 1941
  • S. Steen: Det frie Norge, 5 bd., 1951–62
  • J. A. Seip: Utsikt over Norges historie, bd. 1, 1974
  • Y. Skjæveland: Nasjonal retorikk i Det Norske Nationalblad 1815–1821, KULTs skriftserie nr. 62, 1996
  • A. Stubhaug: Et foranskutt lyn. Niels Henrik Abel og hans tid, 1996