Faktaboks

Even Hovdhaugen
Fødd
21. juni 1941, Oslo
Død
16. oktober 2018, Bærum
Verke
Språkforskar
Familie

Foreldre: Bonde og politikar Einar Hovdhaugen (1908–96) og Lidveig Wattenberg Evensen (1901–78).

Gift 1) 25.5.1965 med lektor Mette Waage (22.10.1941–), dotter til seljar Walther Waage (1905–98) og Hjørdis Marie Borgerud (1908–98), ekteskapet oppløyst 1998; 2) 30.1.1999 med pianist Solveig Rokseth (28.10.1939–), dotter til kontorsjef Sverre Rokseth og hustru Randi.

Even Hovdhaugen
Even Hovdhaugen
Av /NTB.

Even Hovdhaugen var ein norsk språkforskar. Han var ein uvanleg aktiv lingvist og brukte store delar av arbeidslivet på feltarbeid og fagleg samarbeid i Europa, Asia og Oseania. Han arbeidde særleg med dei indoeuropeiske, tyrkiske og polynesiske språkfamiliane, i tillegg til at han ga viktige bidrag til språkvitskapshistoria.

Han studerte klassisk filologi og indoeuropeisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og blei mag. art i 1966. I 1974 blei han professor i allmenn språkvitskap ved UiO og sat i denne stillinga arbeidslivet ut.

Internajonalist og globalist

Få norske språkvetarar har brukt så mykje av arbeidslivet sitt på feltarbeid og fagleg samarbeid i ulike delar av verda som Hovdhaugen: Ungarn, Tyrkia, den tidlegare Sovjetunionen, Mongolia, Peru, Chile og øystatane Vest-Samoa, Tokelau, og Salomonøyene i Stillehavet.

Såleis har Hovdhaugen arbeidd med svært ulike språk, som han har gjeve grundige deskriptive og synkrone analysar av. Det dreier seg om språk som femnar vidt språktypologisk og som dekkjer dei indoeuropeiske, tyrkiske og polynesiske språkfamiliane. I tillegg har han gitt viktige bidrag til språkvitskapens historie.

Fagleg utvikling

Hovdhaugens lange lingvistiske karriere viser korleis hans eiga fagutvikling reflekterer utviklinga innanfor den generelle språkvitskapen. Teoretisk og metodisk endrar han seg over tid.

Han sto tidleg fram som ein reflektert og sjølvstendig forskar. Da han starta forskarkarrieren sin på slutten av 1960-åra, arbeidde han strukturalistisk i tråd med det som da var gjengse teoriar. Ganske raskt, og svært tidleg i norsk samanheng, let han seg inspirere av Noam Chomsky, som han seinare blei kritisk til, og arbeidde i ein kort periode innanfor eit generativt paradigme.

I 1969 gav han ut boka Transformasjonell generativ grammatikk. Seinare lingvistiske arbeid frå hans hand lar seg best plassere i den språkvitskaplege retninga som ber namnet funksjonell typologi.

Tyrkiske språk

Mens magistergradsavhandlinga hans frå 1966 henta data frå gresk og armensk, skulle Hovdhaugen snart komme til å konsentrere seg om heilt andre språk. Etter magistergraden drog han som vitskapleg assistent i indoeuropeisk språkvitskap til Tyrkia for å lære seg armensk. Der fann han ut at tyrkisk kunne vere vel så interessant og endra retning og blei i løpet av 1968 i staden stipendiat i turkologi. Det førte han til studieopphald ved Universitetet i København som var det einaste skandinaviske universitetet som hadde studietilbod i tyrkiske språk. Her kom Hovdhaugen i kontakt med turkologiske og altaiske språkmiljø spesielt i Ungarn, men òg i Tyrkia, Sovjetunionen og Mongolia. Dei fleste tyrkiske språka blei snakka i det tidlegare Sovjetunionen, noko som kunne gjere feltarbeid vanskeleg.

Hovdhaugen beskriv sjølv i Polynesia. Minner fra en kjærlighet at da han fekk avslag på ein visumsøknad, gav han opp å arbeide meir med tyrkiske språk og vende blikket mot Polynesia. På det tidspunktet hadde han likevel rokke å publisere ein rad artiklar om tsjuvasjisk språkhistorie og fonologi, jamført med språket i gammaltyrkiske innskrifter frå 700-talet, i tillegg til artiklar om gammaltyrkisk og mongolsk. Tjuvasjisk er eit tyrkisk språk som blir talt ved Volga-kneet ca. 500 km aust for Moskva.

Jamvel om han frå 1980-talet hadde gått over til å arbeide med polynesiske språk, publiserte han i 1992 saman med Bernt Brendemoen, som hadde vore hans student, ein tyrkisk grammatikk. Dette er den einaste tyrkiske grammatikken som finst på eit skandinavisk språk.

Polynesiske språk

Det neste forskingsfeltet til Hovdhaugen blei språka i det sørlege Stillehavet; med andre ord polynesiske språk. Området er enormt, øyene er mange, og forholdet mellom dei mange språka er komplisert og omdiskutert. At Hovdhaugen gav seg i kast med dette Oseania-prosjektet, som det blei kalla, seier ikkje lite om hans faglege mot og ikkje minst hans faglege nyfikne.

Han kom først til Samoa og arbeidde der før han seinare tok fatt på språk på Tokelau. I åra mellom 1982 og 1988 var han så å seie kvart år på feltarbeid på desse øyene. I 1995 og 1997 var han attende. Neste feltområde var Reeføyene, i den austlege delen av Salomonøyene, der han arbeidde i fleire omgangar mellom 1995 og 2003.

Samarbeid med studentar og kollegaer

Typisk for Hovdhaugen, som var ein omtykt lærar, var at han ofte hadde med seg studentar på feltreisene sine, studentar som gjorde eigne feltarbeid der dei kom, godt hjelpte av Hovdhaugen. Det har resultert i fleire masteroppgåver og doktoravhandlingar.

Fleire av dei mange arbeida hans om polynesiske språk skreiv han i lag med studentar og kollegaer. Eit hovudverk, Samoan Reference Grammar (1992), kom til i lag med Ulrike Mosel, ein tysk lingvist.

Vidt fagleg spenn

Hovdhaugen var i utgangspunktet strukturlingvist. Det vil seie at målet for han var å beskrive og analysere den interne strukturen (grammatikken) i det aktuelle språket så nøye og grundig som mogleg på grunnlag av relevante teoriar og ved hjelp av adekvate metodar.

I arbeidet med polynesiske språk står han òg fram som sosiolingvist, ein disiplin han hadde vist stor interesse for også tidlegare. Det ein kunne kalle hans polynesiske sjølvbiografi, Polynesia. Minner fra en kjærlighet (2015), er for det første ei kjærleikserklæring til Polynesia og for det andre ei skildring av dei ymse polynesiske samfunna Hovdhaugen har arbeidd i. Teksten er skriven ut frå Hovdhaugens eige, subjektive perspektiv, men inneheld samstundes mykje sosiolingvistisk og antropologisk informasjon.

I 2015 hadde han vore sjuk i fleire år. Sjølv kalla han sjukdommen Mr. Parkinson, ofte med eit lite flaterande adjektiv som tilleggskarakteristikk. Det seier seg sjølv at ein slik sjukdom gjekk ut over arbeidskapasiteten hans. Jamvel om han alt i 2006 hadde ferdig eit utkast til ein utførleg grammatikk over vaeakau-taumaku, eit av språka i Temotu-provinsen i den austlege delen av Salomonøyene, fekk han aldri fullført det, for «Mr. Parkinson» intervenerte meir og meir. Arbeidet blei ført vidare av Åshild Næss, som hadde vore med Hovdhaugen på feltarbeid til Polynesia. Grammatikken kom ut i 2011 med dei begge som forfattarar.

Faghistorie

I tillegg til det omfattande og mangfaldige strukturlingvistiske virket til Hovdhaugen var han gjennom heile det faglege løpet sitt interessert i faghistorie, med andre ord språkvitskapshistorie, både den vestlege (Foundations of Western Linguistics, 1982), og den nordiske (The History of Linguistics in the Nordic Countries, 2000, saman med Fred Karlsson, Carol Henriksen og Bengt Sigurd).

Han har vidare redigert og sjølv bidratt i eit verk om «misjonærlingvistikk» (... and the Word was God, 1996), som han hadde stor respekt for. Han har dessutan skrive lærebøker, både for den vidaregåande skolen og for universitetsstudentar.

Universitetspolitikaren Hovdhaugen

Attåt hans omfattande faglege verke engasjerte han seg universitetspolitisk. Han var prodekan ved Det Historisk-filosofiske fakultet ved UiO frå 1979 til 1981 og dekan frå 1997 til 2002. Han var ein effektiv og handlingsorientert dekan og fekk mykje gjort, men han var ingen ukontroversiell universitetspolitikar. Han hadde òg sentrale verv i Noregs forskingsråd tidleg på 1990-talet. Han blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi så tidleg som i 1976, og frå 1986 til 1991 var han leiar for Instituttet for sammenlignende kulturforskning. I 1992 fekk han Nansenprisen, og same året forskingsrådets pris for framifrå forsking saman saman med Ingjerd Hoëm, Hanne Gram Simonsen og Arnfinn Vonen.

Dei siste 13 åra Hovdhaugen levde, hindra sjukdommen hans å dra på fleire feltekspedisjonar. Trass i stadig forverra helse heldt han seg lenge fagleg aktiv. Det viser bibliografien hans over trykte arbeid som for perioden mellom 2005 og 2011 inneheld 16 nummer.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brendemoen, Bernt: Minnetale over Even Hovdhaugen, halden i møte 21. mars 2019, trykt i Det Norske Videnskaps-Akademis Årbok 2019, s. 75-97.
  • Hovdhaugen, Even: Polynesia . Minner fra en kjærlighet

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg