Faktaboks

Erik Andreas Colban
Fødd
25. desember 1760, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
26. oktober 1828, Trondheim
Verke
Prest
Familie
Foreldre: Skipper James William Colban (1732–68) og Kristen Grøn (1733–95). Gift 13.4.1787 med Karen Angell (8.9.1762–30.3.1858), dotter av skipper Nathanael Angell (død 1774) og Ellen Knudsen (1733–1810). Verfar til Marie Colban (1814–84); farfars far til Erik Andreas Colban (1876–1956).

Den største og viktigaste innsatsen til Erik Andreas Colban var i åra 1799–1826, da han verka som prost i Lofoten og Vesterålen. Han var mangesidig og engasjert, og var m.a. ein av dei prestane som samla ord for den danske ordbokskommisjonen; han verka også som bibelomsetjar.

Colban voks opp i Trondheim. Faren døydde da Erik Andreas enno var liten gut, og mora gifta seg om att 1769 med John Normann, som sytte for at dei fem barna frå moras første ekteskap fekk ei god utdanning. Colban blei dimittert frå latinskolen i Trondheim 1780 og studerte så i to år i København før han vende heim til Trondheim igjen. Der var han i to år huslærar hos grosserar Henrik Meincke.

Etter tre år som kapellan i Brønnøy frå 1784 blei han 1787 sokneprest i Bø i Vesterålen. Same året gifta han seg i Trondheim med Karen Angell. Han blei forflytta til Vågan 1798, og året etter blei han konstituert – og 1818 fast utnemnd – til prost i Lofoten og Vesterålen. På grunn av sjukdom søkte han avskil 1826 og flytta året etter attende til Trondheim, der han døydde 1828.

Colban var av det presteslaget som engasjerte seg vidt og breitt i det lokalsamfunnet der han verka. Alt som kapellan i Brønnøy involverte han seg sterkt i skolestellet på staden og arbeidde både for ein betre folkeskole og for styrking av utdanninga av lærarane. 1796 utgav han ei Læsebog for Begyndere. Også i Bø arbeidde han aktivt for skolen. Her fekk han m.a. bygd det første skolehuset i Nordland, på Bø prestegard. Ved fleire høve var han byggeleiar for kyrkjer og prestegardar. Han kom gjerne til forfalne prestegardar som han forlet i god stand. Han var ein føregangsmann i jordbruket, under sjuårskrigen 1807–14 arbeidde han for å få oppretta kornmagasin; han var verksam for fattigvesenet, ein ivrig agitator mot drikk og umoral, i det heile ein mangesidig og sterkt engasjert prest.

Eit interessant uttrykk for hans kulturinteresse er ei lita ordsamling frå Vågan som han sende inn til “Commissionen for den Danske Ordbog”. I samband med arbeidet for det store danske ordboksverket (1780–1905) blei det 1807, etter initiativ av Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab, sendt ei innbyding til prestane i Danmark-Noreg om å vere med og samle ord. Det var då vedtatt at “af provincielle Danske og Norske Ord Anføres, hvad der kan overkommes”. Colbans samling frå Vågan er ei av to nordnorske samlingar som er førte inn i protokollen til ordbokskommisjonen. Den andre kom frå presten i Lyngen, O. B. Gotaas.

Colbans viktigaste verk er utvilsamt Forsøg til en Beskrivelse over Lofodens og Vesteraalens Fogderie, som utkom 1818. Han har elles late trykke ein del preiker og har late etter seg nokre uprenta leiligheitsvers.

Også som bibelomsetjar var Colban verksam. Han fekk prenta omsetjingane sine av Salomos Tankesprog, Hjobs Bog og Psalmernes Bog (1820–22). Vidare har han late etter seg omsetjing av dei fire store profetane og ei “evangeliumsbog”. Alle omsetjingane frå Det gamle testamentet er gjorde frå den hebraiske grunnteksten og utstyrt med opplysande merknader.

Colban blei medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim 1811, og 1822 blei han tildelt Borgerdådsmedaljen.

Verker

  • Læsebog for Begyndere, København 1796
  • Forsøg til en Beskrivelse over Lofodens og Vesteraalens Fogderie i Nordlands Amt, Trondheim 1818
  • Salomos Tankesprog, overs. fra det hebraiske Sprog, med Anmærkninger og Henviisninger, Bergen 1820
  • Hjobs Bog oversat fra det hebraiske Sprog, med Anmærkninger, Trondheim 1822
  • Psalmernes Bog, oversat fra det hebraiske Sprog med Anmærkninger og Henviisninger, for at befordre Bibelens Brug, Bergen 1822

Kilder og litteratur

  • K. Aas: Erindringer om Provst E. A. Colban, Trondheim 1829
  • biografi i Erlandsen/Tromsø, 1857, s. 94–95
  • D. Thrap: Bidrag til den norske Kirkes Historie i det 19. Aarhundrede, bd. 1, 1890
  • M. Jakobsen: Bø Prestegjæld i Vesteraalen, Trondheim 1900
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • T. Bull: “Ordsamling i Nord-Noreg gjennom 300 år”, i O. Almenningen og O. Grønvik (red.): Ord og Mål. Festskrift til Magne Rommetveit 4. oktober, 1988, 1989