Faktaboks

Eindride Erlendsson

Eindride Erlendssøn

Død
1440
Levetidskommentar
omtrentleg dødsår, truleg død 1440 eller 1441
Verke
Riddar, riksråd, syslemann, høvedsmann og fehirde
Familie

Foreldre: Faren var væpnaren og riksråden Erlend Filippusson (død 1407), mora er ukjend.

Eindride var gift, men vi kjenner ikkje namnet på kona hans.

Far til Erlend Eindridsson (nemnd 1429–1450). Farfar til Ingjerd Erlendsdotter (død 1526).

Teikning av eit våpenskjold, blågrønt med ni kvite ruter som til saman dannar ein kross.
Som våpenskjold hadde Eindride ein kross sett saman av ni ruter.
Losna, eldre våpen
Av /Riksarkivet.

Eindride Erlendsson var ein norsk riddar og riksråd. Han høyrde til den fremste gruppa av aristokratiet i Noreg i første halvdel av 1400-talet, med det meste av jordeigedommen sin på Vestlandet. Han var ein av «favorittane» til dronning Margrete og hadde sentrale ombod i hennar og kong Eriks regjeringstid.

Eindride var norsk delegat til møtet i Kalmar i 1397, der unionsavtala for Kalmarunionen blei vedtatt. Han tente en tid som kjøkemeister ved hoffet, var høvedsmannAkershus, Tunsberghus og i Bergen, siste stad også som fehirde, og han hadde syslerSunnmøre, Agder og i Ryfylke.

Bakgrunn og familie

Eindride tilhøyrde den kjende Losnaætta frå Ytre Sogn, og var son av Erlend Filippusson. Han er første gong nemnd i dei historiske kjeldene i 1384; då var han lagrettemann i Sogn, men han fekk snart virkefeltet sitt utvida. Som faren vart han medlem av riksrådet og var mellom dei som møtte i Kalmar i 1397. Han hadde då fått riddarslaget, truleg skjedde det medan han var i Kalmar.

Som våpenskjold hadde Eindride ein kross sett saman av ni ruter, same merket som faren Erlend Filippusson hadde.

Embeter

Eindride kom for alvor med i rikspolitikken i 1405, då den unge kong Erik etter instruks frå dronning Margrete fjerna den aldrande Amund Berdorsson Bolt frå høvedsmannsstillingaAkershus og sette Eindride inn i staden. På den tid var Eindride i aktiv kongsteneste med stilling som kjøkemeister, eit embete som var knytt til hoffet med oppgåver for kongen personleg. Hofftenesta kan ha vore ei opplæringstid, og dronninga må ha funne han vel skikka til å ta over den viktige kommandant- og høvedsmannsstillinga.

Tida på Akershus vart kort, siste gong han er omtala som høvedsmann her var i 1408. Det vil ikkje seie at han kom i miskreditt eller fall i unåde; dei mange sentrale omboda han hadde i Eriks kongstid, tyder på det motsette. Den lengste tida sat han som høvedsmann på Tønsberghus, truleg frå han sa frå seg Akershus og livet igjennom (omtala i 1411, 1419, 1422, 1427 og 1438). I åra 1412 og 1427 er han dessutan nemnd som høvedsmann og fehirde i Bergen, og i tillegg hadde han syslerSunnmøre (omtala 1400 og 1421), på Agder (1425, 1427 og 1429) og i Ryfylke (1419, 1423 og 1440).

Historikaren Lars Hamre omtalar herr Eindrides «kystrike», og det var innanfor dette maktområdet han hadde setegarden sin og tyngda av jordeigedomen. Han hadde dessutan slektstilknyting til Ryfylke. Som ombodsmann der nytta han væpnaren Samson Filippusson, som kan ha høyrt til ei grein av Losna-ætta. Samson budde på Øye i Hjelmeland, der han døydde i 1451, og han var medlem av riksrådet.

Ættetilknytinga og dei sterke økonomiske interessene kan ha vore medverkande til at Eindride fekk maktområdet sitt drege vestover. Han vart også nytta i diplomatiske ærend, såleis i 1415, då kong Erik sende han og oslobispen Jakob til svogeren sin, kong Henrik 5. i England, for å påklaga at engelskmenn dreiv ulovleg handel og fiske på og ved Island. Det tok tid å få løyst problema, og nokre år seinare, i 1431, vart Eindride saman med andre rådsherrar teken til fange av engelske sjørøvarar då dei var på veg til rådsmøte i København.

Det «kystriket» Eindride Erlendsson fekk styringsansvaret for, illustrerer på ein slåande måte den administrative oppløysinga etter svartedauden. Sjølv oppheldt Eindride seg det meste av tida i Tønsberg, syslene sine styrde han med hjelp av ombodsmenn, og det kan berre ha vore for kortare tider han vart kalla inn til Bergen («gjesteroller» kallar Absalon Taranger det). Kong Erik la vekt på å få trugne medarbeidarar inn på dei kongelege slotta, særleg i det austlege Noreg. Han sette danske menn inn på Båhus og Akershus; Eindride var den einaste norske, og han hadde kongen full tiltru til.

I 1424 klaga allmugen i Tønsberg len over auka skattetrykk. Klagemåla var retta mot futen, men vi må tru at Eindride som lensherre hadde godkjent pålegga, som mellom anna galdt ein ny skatt etter dansk mønster (hestelaup eller hestegang). Klagene førde ikkje til strid slik det skjedde om lag på same tid på andre sida av Oslofjorden, i Rakkestad, der tyskaren Herman Molteke vart skyteskive. Det var futestyret til kong Erik bøndene klaga på, og reaksjonane var retta mot det dei opplevde som brot på gammal sedvane og «St. Olavs lov». Kanskje greidde herr Eindride å roe gemytta.

Etterkommarar

Eindride hadde berre ein son, Erlend Eindridsson, som både arva det store jordegodset og gjekk inn i fleire av dei posisjonane faren hadde hatt. Far og son er begge omtala som høvedsmenn på Tønsberghus mot slutten av 1430-åra, noko som kan tyda på at Eindride var sjuk dei siste åra han levde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum, bind 2, nr. 625 og 662, bind 3, nr. 552, bind 4, nr. 827, 838 og 877, bind 7, nr. 382 og 383, bind 11, nr. 120, bind 12, nr. 168, bind 21, nr. 297
  • Hamre, Lars: Norsk historie frå omlag 1400, 1968
  • Leistad, Geirr: «Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid», i Asker og Bærum historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • Norges gamle love, rekke 2, bind 1, 1857
  • Regesta Norvegica, bind 7
  • Sollied, Henning og Sollied, Peter Ravn: «Losna-ætten», i Norsk slektshistorisk tidsskrift (NST) 1, 1928, s. 14–31
  • Taranger, Absalon i Norges historie fremstillet for det norske folk (NHfNF), bind 3, del 1, 1915

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg