Faktaboks

Cleng Peerson
opprinneleg Kleng Pedersson
Fødd
17. mai 1783, Tysvær
Død
16. desember 1865, Norse, Bosque County, Texas, USA
Levetidskommentar
gravlagd i Our Saviour's Lutheran Cemetery
Verke
Norskamerikansk utvandringspioner
Familie

Foreldre: Gardbrukar Per (Peder) Larsson (1755–1841) og Inger Sjursdotter (1744–1814).

Gift 1) 2.4.1807 i Finnøy med syerske Ane Cathrine Pedersdotter Sælinger (ca. 1749–22.9.1831); 2) 3.9.1848 med tenestejente Maria Charlotta Jansdotter Dahlgren (26.5.1809–ca. 1849), dotter til gardbrukar Jan Larsson (1777–1821) og Anna Maria Dahlgren (f. 1783).

Cleng Peerson

Tegning 1922. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Cleng Peerson
Av /※.

Cleng Peerson. Frimerke utgitt i 1947.

.
Lisens: fri

Cleng Peerson var ein norsk emigrant til USA. Han reiste i 1821 på oppdrag frå kvekarane i Stavanger til USA for å undersøkja forholda for immigrantar der. Etter at han var tilbake, kom den første organiserte norske emigrasjonen til USA i stand i 1825. Dei la grunnlaget for ei utvandring på over 800 000 personar frå Noreg. Cleng Peerson er sidan blitt kalla «pioneren for norsk utvandring til Amerika» og «den norske innvandringens far».

Oppvekst og fødselsår

Kleng Pederson, som er namnet han nytta i Noreg, voks opp på garden Hesthammar i Tysvær, men var fødd på garden Lervik i same bygda. Fødselsåret hans er mest truleg 1783, rekna etter alderen hans i ulike andre kjelder enn kyrkjebøkene som gjekk tapt i prestegardsbrann i 1786. Foreldra var leiglendingar på garden Hesthammar, som låg under embetet til den residerande kapellanen i Stavanger. Dei levde i jamt gode bondekår.

Arbeid og giftarmål

Då Kleng i 1802 var på militærsesjon (der kroppshøgda hans blei målt til 1,62 meter), bad han om å bli overført frå landforsvaret til sjøforsvaret. Dette kan vera eit tidleg uttrykk for utferdstrong. Kleng flytta til Finnøy ved giftarmålet med den svenskfødde enkja Anna Katarina Pedersdotter Sælinger i 1807. Ekteskapet med den meir enn 30 år eldre Anna Katarina var neppe lukkeleg. Anna Katarina, som hadde fleire ekteskap bak seg då ho gifta seg med Kleng, var skreddar. Ekteparet var husmannsfolk på plassen Kingestadhagen. Etter husmannskontrakten frå 1813 hadde Kleng Pederson plikter som slåttekar, gardsarbeidar og hjelpesmann for å yta arbeidsplikta husbøndene la på han.

Livssyn

Kleng Pederson sympatiserte i yngre år med kvekarane. Han slutta seg derimot aldri til kvekarsamfunnet og skal seinare i livet ha blitt stadig meir kritisk til dei ulike kyrkjesamfunna. I 1821 blei det under ein visitas på Finnøy omtalt at han hadde oppfordra folk til «Afhold» frå offentlege gudstenester og frå bruk av «Alterens Sacramente» – altså nattverden. Han var òg ein fritenkjar, noko som samsvarar med at han i 1840-åra slutta seg til den svenske kristen-kommunistiske Bishop Hill-kolonien i Illinois.

Utvandring til Nord-Amerika

Cleng Peerson si grav i Norse, Bosque County, Texas
Cleng Peerson si grav i Norse, Bosque County, Texas. Øvst på steinen står det «den første norske innvandrer til Amerika». Nedst står det «Takknemlige landsmænd i Texas reiste ham dette minde».
Cleng Peerson si grav i Norse, Bosque County, Texas
Av .

I 1821 gjorde Kleng Pederson si undersøkingsreise til USA for å leggja alt til rette for norske emigrantar i samarbeid med amerikanske kvekarar. Han reiste saman med ein annan mann frå Finnøy, Knut Olson Eide. Mange som har skrive om dei to, rekna med at Knut døydde i USA. Det er ikkje tilfelle, Knut kom heim igjen og utvandra seinare i 1837.

Kleng Pederson – eller Cleng Peerson, som han kom til å skriva seg i Amerika, brukte tida til å gjere seg kjend med landet og tilhøva der. Han fann mellom anna eit område kring Kendall i Orleans County ved Ontariosjøen nordvest i staten New York som han meinte eigna seg godt for ein norsk koloni. Då han kom heim til Noreg i 1824, gav Cleng ein rapport om det han hadde funne til kvekarane i Stavanger, og dei tok til å rusta ut ein ekspedisjon for å oppretta ein norsk koloni, eit «settlement», i Nord-Amerika.

Cleng Peerson kjende kvekaren Lars Larsson Geilane frå Stavanger, opphavleg frå Time. Sistnemnde er utpeikt som initiativtakar til den første kjende organiserte utvandringa frå Noreg til USA med seglsluppen Restauration. Båten segla frå Stavanger 4. eller 5. juli 1825 med 52 passasjerar om bord, kalt sluppefolka. Dei kom 9. oktober i land i New York, der Cleng Peerson tok imot dei. Dei slo seg ned i området som Cleng Peerson hadde lokalisert ved Kendall i New York. Det var eit område med stor vekst i folketalet, og ein viktig grunn var bygginga av Eriekanalen frå Hudsonelva til Eriesjøen som stod ferdig i 1825.

Sluppefolket blei verande i Kendall i nokre år, men etter at Cleng Peerson i 1833 hadde undersøkt tilhøva i staten Illinois i det øvre Midtvesten, flytta dei fleste av nybyggjarane frå Kendall over til eit nytt norsk settlement ved Fox River i LaSalle County vest for Chicago i 1834–1835. Med grunnlegginga vart Fox River eit reisemål for norske immigrantar då den regelmessige utvandringa tok til i 1836. Det øvre Midtvesten vart sidan hovudområdet for norsk innvandring i USA. Sjå Fox River-settlementet.

Stigfinnar og innovatør

Cleng Peerson slo seg ikkje til ro nokon stad i lengre tid. Etter fire år i Fox River-kolonien la han ut på ei ny vandring; denne gongen kom han heilt til det nordaustre hjørnet av staten Missouri og grunnla eit settlement i Shelby County. I 1839 flytta han vidare med fleire norske kolonistar til Sugar Creek i Lee County i den søraustlege delen av Iowa. Han vitja New York i 1838, der han møtte fleire norske immigrantar, og frå hausten 1842 til vinteren 1843 var han på besøk i Noreg i samband med arveskiftet etter faren.

I 1847 slutta han seg til det svenske kristen-kommunistiske samfunnet Bishop Hill i Henry County, Illinois. Der gifta han seg med den 26 år yngre Maria Charlotta Dahlgren frå Österunda sokn i Uppland i Sverige. Ho hadde slutta seg nært til miljøet omkring sektleiaren Erik Janson før ho emigrerte frå Sverige i 1846. I åra før hadde ho blitt stemna for retten på grunn av gudstenesteforsøming og fordi ho hadde «öfvergivit den lutherska trosbekännelsen». Maria Charlotta døydde truleg under koleraepidemien i Bishop Hill i 1849, før Cleng reiste derifrå, sjukdomsherja og vonbroten over at fellesskapssamfunnet ikkje svarte til forventningane hans.

Til Texas

Cleng Peerson gjorde i 1849 ei ny reise, denne gongen til Texas som hadde blitt ein delstat i USA i 1845. Nokre år før hadde norske innvandrarar etablert koloniar i Brownsboro og Four Mile Grove i den austlege delen av staten. Cleng Peerson skreiv ein lengre artikkel om Texas som stod på prent i den norskspråklege avisa Democraten 7. september 1850 der han lovprisa Texas sitt klima og dei gode vilkåra for busetnad, vekster og husdyrhald. Han meinte at dei mange tusen norske innvandrarane i Wisconsin, Minnesota og Iowa kunne finne mykje betre land og klima der i sør.

Hausten 1850 flytte Cleng Peerson til Texas for godt og etablerte ei ny migrasjonskjede, denne gongen frå Fox River-kolonien til Texas. Cleng Peerson budde først i Dallas County og frå 1854 i settlementet Norse i Bosque County. Der fekk han i 1857 kjøpa seg ein farm på ca 320 acres (ca. 1280 dekar) I 1860 delte han eigedomen mellom Ove Rossedal (Ovee Rosdail), opphavleg frå Tysvær, og Ove Torgerson Kjølvig (Ovee Colwick) frå Jelsa i Ryfylke. Cleng Peerson skulle få ha heimen sin hjå Colwick-familien i dei siste leveåra sine. Der døydde han i 1865 og vart gravlagd på den lutherske kyrkjegarden. I 2012 kjøpte eit par frå Tysvær 26 acres (ca 104 dekar) av eigedomen som Cleng ga til Ovee Colwick. Arealet omfattar parten der bygningane stod. Framleis står ei gammal tømmerhytte på eigedomen som eigarane har restaurert.

Eigenskapar og ettermæle

Cleng Peerson var ein samansett person. I faglitteraturen har ein karakterisert Cleng Peerson som oppofrande og ueigennyttig, men òg som ein eventyrar, dagdrivar og drøymar. Nyare forsking stadfestar at Cleng Peerson med sine vandringar til nye jordbruksområde i Midt-Vesten og Texas var ein katalysator for spreiinga av det tidlege busetnadmønsteret blant norske immigrantar i Amerika. Sjølv om han var den som la ut på ferder og oppdaga nytt land, handla han likevel i samspel med, og etter oppdrag frå, andre aktørar, anten dei var kvekarar eller andre norske innvandrarar. Det er elles hevda at han ønskte å sameina alle norske som søkte til Amerika i eit felles samfunn der dei åtte alt i saman, noko som samsvarar med at han slutta seg til Bishop Hill-kolonien. Cleng Peerson var ein individualist og fritenkjar, og dette var eigenskapar som nok bidrog til at han aldri fekk nokon leiarposisjon mellom norske immigrantar i Amerika.

Frå Cleng Peerson finst berre nokre få brev og inserat i blad og aviser i Noreg og i USA. Elles finn me underskrifta hans som kjøpar, seljar eller som vitne på offentlege salsdokument i ulike statar i USA. Eit av avisstykka skreiv han i Bergens Stiftstidende under noregsopphaldet i 1842–1843. Tilsvarande skreiv han 1852 i Arbeider-Foreningernes Blad om amerikanske innbyggjarar som tenesteviljuge og hjelpsame.

Minnesmerke

Det er reist eit monument på grava hans i Norse, Bosque County i Texas. På gravsteinen står det: «Cleng Peerson, den første norske emigrant til Amerika. Kom til Amerika i 1821». Også i Tysvær, kommunen der han blei fødd, er det reist minnesteinar. Forfattaren Alfred Hauge har behandla livet hans litterært i dei tre romanane Hundevakt, Landkjenning og Ankerfeste.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Artiklar av Cleng Peerson i Bergens Stiftstidende 30.4.1843, Democraten (Racine, Wisconsin) 7.9.1850, Morgenbladet 18.6.1852 og Arbeider-Foreningernes Blad 10.7.1852
  • M. S. De Pillis: «Cleng Peerson and the Communitarian Background of Norwegian Immigrants», i Norwegian-American Studies, bd. 21, Northfield 1962, s. 137–157
  • A. Hauge: Cleng Peerson, 3 bd., 1961–65 (Hundevakt, 1961, Landkjenning, 1964, Ankerfeste, 1965)
  • A. Hauge: Cleng Peerson – møte med vandringsmannen. Biografisk skissebok, Bergen 1983
  • O. S. Lovoll: Det løfterike landet. En norskamerikansk historie, 2. utg., 1997
  • S. I. Langhelle: Tysvær. Slik levde dei. Frå 1820 til 1920, Stavanger 1997
  • A. Lillehammer: «Manden hafde forladt hende. Om Anna Katarina Sælinger og dei tre mennene hennar», i Ætt og heim. Lokalhistorisk årbok for Rogaland 2017, Stavanger 2017, s. 33-48.
  • O. S. Lovoll: «Cleng Peerson», i American National Biography, bd. 17, 1999
  • G. Nerheim: I hjertet av Texas. Den ukjente historien om Cleng Peerson og norske immigranter i Texas, Bergen 2020
  • H. E. Næss: «Avreisen fra Stavanger i 1825. Et problematiserende essay», i Stavangeren. Medlemsblad for Byhistorisk forening Stavanger, Stavanger 2021, s. 53-69.
  • N. O. Østrem: «Cleng Peerson – skaparen av den store forteljinga om Amerika», i Ætt og heim. Lokalhistorisk årbok for Rogaland 1999, Stavanger 2000
  • N. O. Østrem: «Fekk Cleng Peerson for stor ære for utvandringa? Om aktørane og miljøet som skapte emigrasjonen i det norske fridomssamfunnet etter 1814», i N. O. Østrem, red., Fiksjon, Fakta og Forskning. Seminar om den tidlige utvandringa til Amerika, Seminarrapport nr. 13 fra Universitetet i Stavanger, Stavanger 2007, s. 3-13.
  • N. O. Østrem: «Cleng Peerson, Lars Hertervig og Petter Strømsing skaper Tysvær-identitet», i S. I. Langhelle og J. Lekve (red.), Tysvær. Aktivitet og trivsel i 50 år, Tysvær/Bergen 2015, s. 272-280
  • O. Øverland og S. Kjærheim: Fra Amerika til Norge. Norske utvandrerbrev, bd. 1–4, 1992–2002

Portretter

  • Teikning av Ivan Doseff, 1922; attgjeve i O. M. Norlie: History of the Norwegian People in America, 2. utg., New York 1973.

Faktaboks

Cleng Peerson
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058366001215

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg