Faktaboks

August Konow Fleischer
Fødd
28. september 1841, Bergen
Død
4. april 1931, Oslo
Verke
Jarnbaneingeniør og -direktør
Familie

Foreldre: Premierløytnant, seinare generalløytnant og hoffsjef Hans Kirkgaard Fleischer (1803–1884; sjå NBL1, bind 4) og Emilie Hedevig Konow (1815–1860).

Gift i 1892 med si kusine Agnes Søeberg (1858–1899), dotter til overrettssakførar Carl Børre Abildgar Søeberg (1826–1882) og Anna Hedevig Konow (1833–1862).

Soneson til Palle Rømer Fleischer (1781–1851); dotterson til Thomas Konow (1796–1881).

August Konow Fleischer var ein av dei mest framståande personane i norsk jarnbanevesen heilt frå 1860-åra og fram mot første verdskrigen. Både som teknisk fagmann og som administrator gjorde han ein stor og viktig innsats. Han var òg ein aktiv foreiningsmann og var blant initiativtakarane til organiseringa av norske ingeniørar og arkitektar.

Karriere

Fleischer vart utdanna som bygningsingeniør ved den polytekniske høgskulen i Karlsruhe i Tyskland i åra 1859–1862. Som nyutdanna ingeniør vart han tilsett i Statens vegvesen i 1862. Men allereie året etter gjekk han over i jarnbanevesenet, der han skulle koma til å gjera teneste det meste av sitt yrkesaktive liv. I åra 1863–1871 arbeidde han som assistentingeniør ved bygginga av Randsfjordbanen, Drammenbanen og Kongsbergbanen.

Til Sverige

I 1871 reiste han til Sverige, der han arbeidde som anleggsstyrar for kontraktørfirmaet Sandel & Wessel ved bygginga av privatbanen Hallsberg–Motala–Mjällby. I 1874 kom han attende til Noreg og tok del i planlegginga og bygginga av ei rekkje av dei nye jarnbanane som vart bygde på denne tida. Sin viktigaste innsats la han ned ved bygginga av Smaalensbanen (Østfoldbanen), fyrst som avdelingsingeniør og frå 1879 som overingeniør.

Etter 1883 vart det slutt på jarnbanebygginga i Noreg i nokre år framover, og dei mange som hadde vore engasjerte i utbygginga, måtte finna seg arbeid andre stader. Fleischer vart då tilsett som brannsjef i Kristiania, ei stilling han hadde fram til 1890. Dette året vart det sett i gang bygging av nye banestrekningar, og Fleischer kunne gå attende til NSB. Han fekk no stilling som overingeniør og arbeidde fyrst ved Solørbanen, seinare ved Hamar–Selbanen og Hell–Sunnanbanen. I 1897 vart han utnemnd til banedirektør, ei stilling han hadde fram til 1910. I denne perioden vart Bergensbanen bygd, og hans innsats blir særleg knytt til dette storverket i norsk jarnbanebygging. Han spela ei aktiv rolle både som øvste administrator og som ingeniør, der han var med på å utforma dei tekniske løysingane.

Etter NSB

I 1910 vart Fleischer mellombels konstituert som generaldirektør for statsbanane. I 1912 vart det innført ei ny administrasjonsordning for NSB, og Fleischer tok då avskil frå stillinga. I eit par år etterpå var han kontrollerande ingeniør ved Holmenkollbanen i Kristiania.

Fleischer var ein av stiftarane av Den Norske Ingeniør- og Arkitektforening (NIAF) i 1874, og han var ein aktiv foreiningsmann heilt til sine siste leveår. Han var formann i foreininga ein periode i midten av 1880-åra, og dessutan ein periode formann i Fellesstyret mellom NIAF og Den Polytekniske Forening. I 1899 vart han utnemnd til æresmedlem i NIAF. Han var formann i den norske avdelinga av det nordiske Järnvägsmannaselskapet i 1910–1912.

August Fleischer vart av kollegaer skildra som sta, kjølig og reservert, men likevel som ein rettvis og høgt respektert sjef som var oppriktig oppteken av sine underordna sitt ve og vel. Han vart utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden i 1895, fekk kommandørkrossen i 1903 og vart kommandør av første klasse i 1909.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder og litteratur

  • Skjæveland, Yngve: Norsk biografisk leksikon 2
  • Artiklar i TU 29. september 1911, nr. 39/1912 og nr. 39/1916
  • Artikkel i Nordisk Järnbanetidsskrift nr. 5/1931
  • Leegaard, Michael (red.) (1924): Festskrift utgit i anledning av Den norske ingeniørforenings femti-aars jubilæum den niende december nitten hundrede-fire og tyve
  • Leegaard, Michael (1932–1934): Av Bergensbanens historie, tre bind
  • Leegaard, Michael (1935–1938): Av Norges statsbaners historie, fem bind
  • Østvedt, Einar (1954): De norske jernbaners historie, tre bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg