Faktaboks

Anders Smith
Anders Lauritzen Smith Andrew Laurenceson/Lawrenceson Smith
Død
1692, Sola, Rogaland
Levetidskommentar
Fødd ca. 1620 i Skottland; el. 1694.0.0
Verke
Biletskjerar og målar
Familie
Foreldre: Ukjende. Gift 1) med ukjend; 2) 1669 med Maren Knutsdotter Sola (el. Håland) (august 1641–februar 1695). Farfars far til Axel Smith (1744–1823).

I tida før romantikken og det moderne gjennombrotet kjenner vi i Noreg få kunstnarar som individuelle opphavsmenn til sentrale kunstverk. Eit viktig unntak frå denne regelen er den barokke biletskjeraren og kontrafeiaren Anders Lauritzen Smith.

Den lutherske reformasjonen var retta både mot paven i Roma og mot “affgudiske billeder” i kyrkja. Først på 1600-talet kom arbeidet for alvor i gang med å utvida det nye lutherske biletprogrammet til meir enn bokstavaltertavler med “herlige sentenser aff den hellige skrift”. Blant dei mange utanlandske biletkunstnarane som kom til Danmark-Noreg for å pryda det tomme kyrkjerommet etter den reformatoriske biletstormen, var også skotten Andrew Smith.

Fram til han blei kalla til Stavanger 1658, er dei biografiske opplysningane om Smith få og usikre. Då Lauritz Smith tok borgarskap i Stavanger 1708, heitte det at han var son av bilethoggaren og målaren Andrew Lawrenceson Smith frå Skottland. Ein familietradisjon knyter Andrew til slekta Smiths of Braco, frå distriktet rundt elva Knaik i grevskapet Fife. At Smith har komme direkte frå Skottland til Stavanger er lite truleg. Kanskje er han den sveinen som står oppført i Bergens manntal frå 1645 som elev av biletskjeraren Peter Negelsen. Familietradisjonen fortel også at han kom til Stavanger frå Flensborg i Sønderjylland. Stilmessig er Smiths arbeid i alle fall direkte eller indirekte påverka av nordtysk barokk, slik den særleg blei utforma på verkstaden til Gudewerth-meistrane i Eckernförde. Ut over dette er lite kjent om Anders Smiths bakgrunn og læreår. At Smith har hatt hjelp av ein son i arbeidet med ny preikestol i Sokndal 1666, skulle tyda på at han inngjekk ekteskap for andre gong då han gifte seg norsk 1669.

Med preikestolen i Stavanger domkyrkje kjem den nye “bruskbarokken” for første gong til Sørvest-Noreg og avløyser den vestlandske “snikkarrenessansen”. Preikestolen i Stavangerdomen er kanskje den mest praktfulle barokkskulpturen i landet og hovudverket til Anders Smith (som namnet blei fornorska til). Det er også eit kunstverk der den overlessa stilen blir prega av eit særprega kunstnartemperament.

Bruskbarokken er først og fremst ein ornamental stil, der kniven til treskjeraren vrir, dreiar og krøllar materialet slik at veden i emnet liknar på deig eller leire – eller brusk. Der renessansen framleis viste fram dei konstruktive formene, går barokken over i ein einaste bølgande og bevega masse utan fast oppbygging.

Inne i den overlessa ornamentikken står den gammaltestamentlege kjempa Samson som preikestolfot og ber Guds ord på hovudet. Mellom ornamenta viser hovudfelta på stolen bibelske scenar. Blant groteske masker, erkeenglar og kristne dygder finn ein òg våpenskjolda til Smiths oppdragsgivar Henrik Below. På toppen av preikestolen tronar den sigrande Kristus nesten til taket i det høge kyrkjerommet.

1669 inngjekk Smith ekteskap med Maren Knutsdotter frå Sola på Nord-Jæren. Frå då av var den velakta handverksmeisteren og byborgaren Smith også storbonde på det gamle lensmannssetet på Sola. Eit brev frå 1682 er stila til “Anders Lauritzen Mahler. Solle ved Stafanger.” Han kan vera den Anders Lauritzen som fekk borgarskap som kontrafeiar 12. juni 1676. Ein stor produksjon av religiøs og verdsleg kunst strøymde dei følgande tiåra frå verkstaden hans: møblement til Stavanger-borgarane, kyrkjeinventar og praktfulle epitafar, dvs. borgarlege minnetavler over jordisk gods og gull, makt og ære.

Anders Lauritzen Smith døydde, truleg mellom 1692 og 1694, med ei stor slekt og ei lita formue etter seg. I hans arbeid ser ein korleis den kunstnarlege impulsen frå italiensk renessanse (Cornelis Floris og stilen etter han) via mønsterarka frå nordtysk barokkk blir sett ut i livet i den skandinaviske provins, går over i byhandverket, og går opp i den lokale folkekunsten, der den framleis kan sporast den dag i dag.

Verker

    Sikre

  • Preikestolen i Stavanger domkyrkje

    Tilskrivne

  • Preikestolen i Sokndal kyrkje
  • altartavlene i Hareid kyrkje (opphavleg for Hospitalkyrkja i Stavanger, 1660), Åkra kyrkje (1663), Time kyrkje (1666) og kanskje Førde kyrkje (1666)
  • epitafar i Stavanger domkyrkje og Hjelmeland kyrkje

Kilder og litteratur

  • C. A. Jensen: Danmarks snedkere og billedsnidere i tiden 1536–1660, København 1911
  • H. Grevenor: Norsk Malerkunst under renessanse og barokk 1550–1700, 1928
  • D. S. Platou: Anders L. Smith. En norsk billedskjærer fra 1600 årene, Stavanger 1928
  • O. Smith: Andrew Lawrenseson Smith og Lauritz Anderssøn Smith's mannlige etterkommere i Norge og Danmark, 1943
  • R. Hauglid: Akantus, 1950
  • J. H. Lexow: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • S. Christie: Norges kunsthistorie, bd. 3, 1982
  • E. M. Magerøy: Norsk treskurd (ny utg.), 1983
  • H. Alsvik: biografi i NKL, bd. 3, 1986