Øistein Strømnæs

Genetikar og motstandsmann. Foreldre: Kommunearbeidar Ole Martin Larsen Strømnæs (1891–1961) og Mimmi Marie Hildegard Evensen (1889–1963). Gift 1946 med kjemikar Anne-Sofie Østvedt (1920–2009; sjå  Anne-Sofie Strømnæs).

Øistein Strømnæs var ein av dei fremste leiarane i norsk motstandsrørsle, men er ukjent for folk flest. Han leia etterretningsorganisasjonen XU, som hadde om lag 1500 agentar over heile landet og fleire spionar i Hitler-Tyskland. Da freden kom, heldt Strømnæs seg i bakgrunnen og takka nei til alle dekorasjonar.

Strømnæs voks opp i Sarpsborg og tok examen artium 1934. Deretter begynte han å studere realfag ved Universitetet i Oslo og var hovudfagsstudent i botanikk da krigen kom til Noreg 1940. Same året tok han også Politiskolen, så han kunne finansiere studiane ved å arbeide i politiet. Da politiet fekk pålegg om å gjera nazihelsing, slutta Strømnæs på dagen. Sjefen ved Politiskolen, kaptein Eivind Hjelle, var mellom pionerane i XU. Allereie i august 1940 verva han Strømnæs til det illegale arbeidet.

XU skulle bli den største og viktigaste etterretningsorganisasjonen i Noreg. Verksemda i Sør-Norge vart i hovudsak leia av XU-Sentralen i Oslo, med Strømnæs som sjef frå august 1942. Arbeidet i andre delar av landet vart leia frå Militærkontor 2 i Stockholm. Resultata til XU vekte oppsikt også hos dei allierte. Amerikanske Arnold Kramish skriv i boka Griffen at “Strømnæs ledet den mest effektive underjordiske etterretningsorganisasjon som noensinne tjente de alliertes sak”.

Øistein Strømnæs var djupt skeptisk til alle autoritetar og autoritære system, men hadde paradoksalt nok eit uvanleg talent for å leie hemmeleg etterretning. Medarbeidarar og leiande militære frå motstandskampen har trekt fram at han hadde sikker dømmekraft, var ein dyktig organisator, inspirerande leiar og hadde ei sjeldan evne til å ta seg av menneske. Han er blitt kalla “tryllekunstnar” – noko han faktisk også var: Etter krigen var Strømnæs ei tid president i Magisk Cirkel, organisasjonen til tryllekunstnarane.

Strømnæs var den XU-leiaren som sat desidert lengst, og han heldt spelet i gang krigen ut. Det var mogleg fordi han la sterk vekt på sikringsarbeid i utbygginga av organisasjonen. Svært få i XU visste kven sjefen var. I Forsvarets Overkommando i London var det ingen som kjente det verkelege namnet til leiaren av etterretningstenesta deira. Der gjekk han under dekknamnet “Ole”. Andre dekknamn var “Inge”, “Ole Johannes” og “Fredrik” (med etternamnet Myhre eller Åkermann).

XU kartla i detalj all tysk aktivitet i Noreg. Resultatet var at dei allierte visste så å seie alt om tyske anlegg og styrkar her i landet. XU hadde også norske agentar i Tyskland og formidla mykje av informasjonen frå mannen som truleg var den viktigaste allierte agenten i landet, Paul Rosbaud.

Etter at freden kom, arbeidde Strømnæs hardt med å hjelpe agentar som trong støtte. Mange hadde fått fysiske og psykiske problem, medan andre måtte fri seg frå mistankar om landssvik fordi dei hadde infiltrert det nazistiske maktapparatet.

Våren 1946 reiste Øistein Strømnæs til USA, der han gifta seg med Anne-Sofie Østvedt, som hadde vore nestleiar i XU. Han tok doktograden i genetikk ved University of California, Berkeley. Paret kom tilbake til Oslo 1951, der Strømnæs i mange år var amanuensis og seinare førsteamanuensis i genetikk ved Universitetet i Oslo. Han var høgt respektert innan faget og underviste i fleire periodar også ved amerikanske universitet.

Før Øistein Strømnæs døydde 1980, planla han å skrive ei bok om XU, men rakk dessverre ikkje å starte arbeidet. Dermed gjekk mykje kunnskap om norsk motstandshistorie tapt.

Verker

    Eit utval

  • The Production of Dominant Lethals with X-rays in aged Drosophila melanogaster sperm, i Genetics 1949, s. 462–474
  • Arvelære og stråling, i R. Tangen, F. Devik og K. Koren (red.): Stråler, liv og helse, 1960
  • Heterocaryosis and the Parasexual Cycle in Aspergillus fumigatus (sm.m. E. D. Garber), i Genetics 1963, s. 653–662

Kilder og litteratur

  • Stud. 1934, 1959
  • A. Kramish: Griffen. Den største spionhistorien, 1987
  • R. Ulstein: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45, 3 bd., 1989–92
  • E. og S. Sæter: XU. I hemmeleg teneste 1940–1945, 1995
  • NKrL, 1995
  • T. Gjelsvik: Snart kommer vår dag, 1999
  • B. Fodstad: Brystkaramellene. Fra XU til Grini, Jomfruland 2001

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 1 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.